Home>Hardanger>Vidaregåande grunnkurs i Kinsarvik
Hardanger Politisk Ullensvang

Vidaregåande grunnkurs i Kinsarvik

Hordaland fylkesting har gjort vedtak om at det skal startast vidaregåande toårig grunnkurs i Kinsarvik frå hausten 1977. Dette kurset gjev m.a. kompetanse for opptak i gymnaset og yrkesskulen for faga handel og kontor.
I seg sjølv er dette skuletilbodet eit avslutta vidaregåande undervisningstilbod som gjev grunnlag for tilsetjing direkte i yrkeslivet. Men kurset gjev og
rett til opptaking i andre skular m.a. andreklassen i gymnaset.
Vilkåra for at eit slikt kurs kan koma i gang, er at det melder seg minst 25 elevar. Skulen er gratis, det same er skuleskyssen, Elevane får stipend, men må betala skule bøkene sjølve.
Foreldre, elevar og andre som er interessert, får nærare opplysing hos skulesjefen eller styraren for ungdomsskulen i Kinsarvik.
HARDANGER Laurdag 22. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *