Home>Hardanger>Venstre på frammarsj i Hordaland
Hardanger Politisk Ullensvang Ymse

Venstre på frammarsj i Hordaland

Hordaland Venstrelag hadde årsmøte på Utne laurdag og sundag 15. og 16. januar 1977. Møtet var halde i Grannahuset, ein triveleg møtestad med treskurd og bilete av åndshovdingar på veggene. Det møtte kring 90 sendemenn frå dei fleste heråd i Hordaland.
Fylkesleiar John Nesheim opna møtet. Formannen i Ullensvang Venstrelag, Nils Magne Aanensen, helsa velkomen til Ullensvang, og nemnde at Ullensvang Venstrelag var det eldste lokallaget i landet.

Mons Espelid var leiar i Venstre i 1977
Mons Espelid var leiar i Venstre i 1977

Nesheim sa m.a. Me er komne hit for å sjå attende på kva som er gjort i året som gjekk, men meir for å sjå framover. Venstre har markert seg godt siste året, nye lag er komne til, og fleire er i emning. Venstre held stø kurs. Målet vårt dette året er å få ein venstremann inn på Hordalandbenken i Stortinget. Så fekk førstemann på venstrelista i Hordaland, ordfører Mons Espelid, ordet. I eit klårt og vel forma foredrag på ein god klokketime la Espelid fram hovuddraga i Venstre sitt program. Han tok føre seg dei reint prinsippielle linene åt Venstre først, og kom så inn på dei ymse sakene: oljepolitikken, avgiftslette til utsette industrigreiner, ressursvern/jordvern, styrking av utkantstroka, bygging av kjernekraftverk, styrking av det lokale sjølvstyre, skule- og kulturpolitikk, arbeidsløyse, kvinnesak, rike og fattige land og NATO — og forsvarspolitikken vår.
Talaren slutta med at Venstre har ei viktig oppgåve i dag. Det har vore tale om å sanera småpartia. Det ville vera uklokt å gjera det. Venstre er viktig i vårt politiske liv. Det har sitt serskilde syn på fleire ting, m.a. oljespørsmålet, busetnadsspørsmålet o. fl. a. Venstre kan og verta nøkkelen for sentrumspartia i eit regjeringssamarbeid.
Talen fekk sterk fagning. Sidan var det ordskifte der mange hadde ordet. Talaren fekk ros for at han så klårt og greitt hadde lagt fram venstre sitt syn, og dei fleste slutta seg fullt og heilt til det han hadde sagt. Om kvelden var det sosialt samvær på Utne Hotell, Lars O. Bleie kåserte om Hardanger og hardingen, og Lars Brattabø spela.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *