Home>Utgjeve>1977>Ullensvang heradstyre vedtek stramt, men ekspansivt budsjett
stramt budsjett
1977 Hardanger Januar Politisk Ullensvang

Ullensvang heradstyre vedtek stramt, men ekspansivt budsjett

Heradstyret i Ullensvang hadde møte torsdag 20. januar. Budsjettet vart vedteke utan større ordskifte. Dei fleste talarane tykte

stramt budsjett
Det vart vedteke eit stramt budsjett

budsjettframlegget var godt, varsamt sett opp, men likevel med tanke på å gjera noko i året som kom og. Ordførar Hesthamar sa at utan det ekstra ordinære statstilskotet me har fått, hadde det vore svært vanskeleg å setja opp dette budsjettet.
Me har møtt velvilje både i fylkes- og statsadministrasjonar. Med dette budsjettet har me ikkje tenkt å leggja oss på ei passiv line. Det er eit budsjett der mé freistar å stå på eigne bein. Budsjettet er noko stramt. Me har teke i bruk fond og overskotet frå 1975, og reknar med å låna 5 350 000 kr. Bruttobudsjettet for 1977 er på kr. 28 212 516 og nettobudsjettet på kr. 18 779 758.
I ordskiftet om budsjettet hadde Espe Kvestad ordet først. Han roste administrasjonen for eit godt budsjett. Det var var samt, men likevel ekspansivt. Det ekstra tilskotet ein hadde var nok og ei god hjelp for å få budsjettet i hamn. Me må satsa på m.a. bustadbygging. Han tykte det låg eit visst overskot i budsjettet. Men han meinte budsjettet mangla oversyn for nybygg og skatteinnkomer. Det siste er nok vanskleg å få til no i skilsmålstida. Me må låna 5,3 mill. Er kapitalfondet brukt opp?

Øvstedal tykte budsjettet såg bra ut. Det er heller stramt, men legg opp til ein ganske høg aktivitet. Det er viktig med nye tiltak. Han hadde merkt seg at det var sett av pengar til reiselivslaget, til vegar og asfaltering. Idrettssektoren hadde og fått noko. Elles såg det ut til ei nokså jamn fordeling på alle sektorane.

Lars Bleie hevda og at budsjettet er ekspansivt og framtidsretta. Men Spilde ville ikkje seia at budsjettet var romsleg, det er heller stramt. Dei ymse framlegga frå formannskapet gjekk igjennom utan ordskifte. Under posten Riksvegar var det ikkje set opp noko til trafikktrygdingstiltak. Her gjorde Johannes Skarstein framlegg om å setja av 30 000 kr. til trafikktrygding på Lofthus, der ein no arbeider med gangsti frå kyrkja til Hamna. Det vart spurd om kvar ein skulle ta desse pengane frå. Skarstein gjorde då framlegg om å ta av dei 55 000 kr. som var avsett Reiselivslaget. Dette framlegget fall mot 6 røyster. Det vart også lagt fram tilråding frå formannskapet om ny mannskapsplan for dei ymse etatane i,heradet. Dei fleste tilrådingane vart vedteken samrøystes utan ordskifte. Såleis gjekk det planen for sosial kontoret, heradskassen, skulekontoret og jordbruksetaten, som alle fekk stort sett same mannskapet som dei hadde hatt før. Når det galdt teknisk etat, var det noko usemje.

Arvid Bjerkestrand: meinte at når no Eidfjord var utskild, og med noko rasjonalisering måtte ein kunne greia seg med 3 ingeniørar istaden for 4 som det var framlegg om. Men har heradet økonomisk evne til det, vert det noko anna.

Øvstedal: Skal ein få noko gjort, må ein ha folk til det. Ein kan bruke konsulentar, seier du. Men det kan verta dyrare enn fast personell. Eg ser det slik at det ekstra tilskotet me har fått er tenkt som ei hjelp til å setja igong tiltak som gjer at me skal greia oss utan hjelp.
Teigland: Når me fekk dette ekstra tilskotet, var det fordi det ordinære tilskotet var rekna ut på galt grunnlag, etter eit folkerikare herad og eit anna inntektsgrunnlag. Me reknar med at me seinare får etter måten meir av skatteutjamningspengane enn me har fått før.
Lars O. Bleie: Venstre går inn for at me skal ha ein sterk teknisk etat Mé kan ikkje bruka konsulentar i staden for fast personell. Mi røynsle er at dette kan verta dyrt.
Kvestad: Det kan sjå ut som mindretalet i administrasjonsnemnda sitt framlegg kan føra til stagniasjon. Det er ikkje tilfelle. Me må kunne bruka konsulentar i ei overgangstid, så får me sjå seinare om me har bruk for større mannskap. Me må
ikkje halde oppe ei stilling berre fordi ho har vore der før.
Bjerkestrand: Godt å høyra Teigland sitt svar. Det rydda bort det synet mange har at ekstratilskotet var berre ei ein gongshanding. Ordføraren sa til slutt at vil me byggja ut heradet, må me og ha ein teknisk etat som kan greia oppgåvene.

Ola Espe gjorde framlegg om 3 ingeniørar i teknisk etat. Dette framlegget fall mot 6 røyster. Formannskapet si tilrding var så vedteken her og. Mannskapsplanen for skogreisinga var det og ordskifte om. Skarstein gjorde framlegg om berre ein skogreisingsleiar. Lars Bleie meinte at det var tverrpolitisk semje no som før om å reisa skog. Her har AP vore med også på fylkesplan. Me må ikkje gå til innskrenking her. Berre ein leiar maktar ikkje, løysa den planen me har sett opp. Det vert og endå meir bruk for skogreisingsleiarar når skogen veks til.
Arne Spilde: Det er ikkje grunnlag for å endra den skipnaden me har. Det vil berre skapa vanskar. Han gjorde framlegg om å stryka pkt. 2. der det heiter at dei tilsette i skogreisinga vert administrativt underordna kontorsjefen.
Ola Espe Kvestad meinte at pkt. 2 var vektig. Dei tilsette bør administrativt vera underordna kontorsjefen.
Hesthamar: Me har ein skogreisingsplan som er om lag halvferdig: Me vil gjerne vera med å gjennomføra planen. Ved røystinga fekk Skarstein sitt framlegg 6 røyster. Punkt 2 fekk 17 røyster. Dermed vart tilrådinga frå formannskapet vedteken.
HARDANGER Laurdag 22. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *