Home>Hardanger>Ymse>Politisk>Ullensvang budsjett på 28,2 mill – Det vert vanskeleg, men me er optimistar -seier ordførar Torolv Hesthamar
Torolv Hesthamar
Politisk Ullensvang Ymse

Ullensvang budsjett på 28,2 mill – Det vert vanskeleg, men me er optimistar -seier ordførar Torolv Hesthamar

Torolv Hesthamar
Torolv Hesthamar, ordførar Ullensvang 1977

Det er ikkje noko lett år me går i møte, men alle har vore klar over at Ullensvang ville få vanskar med å få endane til å møtast når vi skulle leggja fram budsjett for 1977.

Det er eit nøkternt og stramt budsjett som ikkje gjev rom for store utskeielsar, men tendensane i budsjettet peikar framover. Alle i formannskapeter samla om å arbeida for å byggja ut heradet. Dette avspeglar seg fyrst og fremst i investeringspolitikken, seier ordførar Torolv Hesthamar i Ullensvang til «Hardanger». I ein kommentartil det framlagde budsjettet for 1977.
Ved å føra opp eit stramt budjett med omsyn til utgiftssida og ta i bruk heile skatterefusjonen, refusjonane til Folgefonnvegen, overskotet på 1975 budsjettet og eit stort låneopptak gjer at vi kan liggjapå ein aktiv utbyggingspolitikk. Vi er innstilt på å klara oss, det er ingen resignasjon hjå politikarane, seier Hesthamar.
Bruttobudsjettet for Ullensvang i 1977 lyder på 28,2 millioner kroner medan nettobudsjettet vert 18,7 millionar kroner. Heradet søkte om 2,3 millionar i ekstra tildeling av skatteutjamningsfondet og fekk den summen. Dette saman med tidlegare løyvingar, tilsaman 4,2 millionar kroner gjorde at Ullensvang kunne leggja fram eit budsjett som er i balanse.
AUKA AVGIFTER Formannskapet rår til at avgiftene for renovasjon, kloakk og vatn vert auka med 10 prosent og husleiga i kommunale bustader vert auka med 20 prosent. Saman med låneopptak på 5 millionar kroner og tilskota frå skattefondet gjer desse avgiftsaukene det mogeleg for heradet å satsa mykje pengar på investeringssektoren. I alt er det lagt opp til nyinvesteringar på om lag 7 millionar kroner. Arbeidet med nye bustadfelt krev investeringar på 2,2 millionar. Det går med omlag 2 millionar kroner til bygginga av Hauso skule. Vidare vil det gå med omlag ein 1/2 million til bustadbygging på Vestsida. Sjølv om kommunen tek på seg store låneopptak er det mange ting som må venta. Dei avsette midlane til utbygging av kommunale veganlegg, vatn og kloakkanlegg og mange andre viktige saker, vert for små. Det framlagde driftsbudsjettet for 1977 skal opp i heradstyret 20. januar og det vert truleg berre små endringar i framlegget frå kontorsjefen og formannskapet.
HARDANGER Lørdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *