Home>Hardanger>Odda Kommune>Treningssamling i Oddahallen
Odda Kommune

Treningssamling i Oddahallen

Idrottslaget Korlevoll hadde i veka mellom jol og nyttår samla dei løparane som var heime i jola til to felles treningskveldar i Oddahallen.
Mange av dei løparane i laget som er aktuelle til eitt av Holmenkoll-laga, er diverre busett utanfor Odda i vinter. Nokre går på skular, andre er i militæret. Friidrettsgruppa ville difor nytta høvet no når fleire av desse var heime på ferie til å samla flest mogeleg til felles trening og drøfting av stafettsesongen.
Første kvelden, då det også var flest til stades, samla løparane seg etter trening til kaffikos i Korlevoll rommet på Ungdomsskulen. Her fekk m.a. Jan Edgar
Lervik overrekt Korlevollmedalja i friidrett for den flotte sesongen han hadde i 1976. Lervik var no helme på joleferie. Han er i vinter elev på idrettghøg skulen i Sønderborg i Danmark.
Under ordskiftet etter kaffien vart det gjort framlegg om at laget i år bør freista vera med på ein ny stafett, nemleg Eventyrstafetten i Kristiansand. Friidrettsutvalet skal sjå nærare på om dette er mogeleg.
Løparane var svært nøgde med at dei fekk høve til å trena saman og under så gode tilhøve som Oddahallen gjev. —Jola er elles ei tid då det er lett for å hoppa over treningskveldar. Ein bør difor få i stand dette tilbodet kvart år.

HARDANGER Onsdag 5. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *