Home>Hardanger>Ymse>Til «Hardanger»
Ymse

Til «Hardanger»

ORDET FRITT: Ein bør helst ikkje blanda seg borti slikt ein ikkje har noko med. No gjer eg det likevel. Etter å ha lese Olav Børve sitt andre stykke i bladet — Jon Bleie: Halldor Meland, kan eg ikkje lata vera å koma med eit lite innlegg.
Dei fleste tenkte vel at redak tør Solheim, med sin vesle merknad til Olav Børve si «bok melding», hadde sett punktum for meir skriving i same leid. Men nei! Dette siste er endå verre enn det fyrste. Kva er det Olav Børve meiner med slik skriving? At boki burde vore innbundi og sett vakrare ut, kan ein vera einig i. Men då er det vel grunn til å klandra forlaget, ikkje forfattaren. Eg trur ikkje Olav Børve skal ta det så tungt for boksamlingane. Dei bøker som er å få hefta, kan innbin dast. Elles så har eg hug å seia at eg for min del ser meir på inn haldet både i menneske og bøker enn det som gjerne er eit strålande ytre. Og innhaldet i denne boki er det så visst ikkje noko mangel ved. «Privatsak for forfattaren». Vil det seia at Olav Børve trur at Jon Bleie har tent seg rik på boki? Noko så absurd. Og så dei to felene! Dersom dei ikkje er på Bu museum, der Halldor ynskte dei skulle vera, vil eg rå Olav Børve til å røkja etter sjølv, og ikkje kasta mis tanke på Jon Bleie, som om han skulle ha gøymte dei bort. Dei som ordna opp i buet etter Hall dor, må då vera dei næraste å gå til. Det same når det gjeld medalja.
At ikkje Kristi Meland har stor nok plass i biografien skjønar eg ikkje. Det er ikkje alltid dei mange ord som avgjer slikt. Det som er sagt om henne i boki, er så godt og fint, og så vyrdsamt gjort, at det gjev oss eit rett bilete av den gåverike og gilde kvinna.
Det som undrar meg mest er at Olav Børve, som alltid har hatt slik skrivehug, og synest å skjøna og vita alt betre enn» andre, ikkje sjølv har skrive ei bok om Halldor Meland.
E.M.E.

HARDANGER Laurdag 12. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *