Home>Hardanger>Ymse>Til handelsfolk i bygda vår
Ymse

Til handelsfolk i bygda vår

Gjennom bladet her vil me få bera fram nokre velmeinte nyårsynskje til handelsfolk i bygda vår:

  1. Må de få eit godt og framgangsrikt nytt år slik at me framleis får så kort veg som råd er til handelsmannen og dei var er og tenester me treng! (Noko sjølvkjært ynskje av oss, kanskje, men di meir oppriktig).

    Handelsfolk treng fornøgde kundar
    Handelsfolk treng fornøgde kundar
  2. Må de makta å vera så hyggjelege og tenesteviljuge, så imøtekomande og kostandsvennlege at de freistar oss alle til å handle nettopp hjå dykk og ikkje i den gyldne staden!
  3. Må de vera med på å byggja opp sjølvkjensla og sjølvtilliten hjå dei de skal tena med at de både munnleg og skriftleg nytar målet deira.

Ja, bruk nynorsk i alt skriftleg, både i brev og kunngjeringar, annonsar og oppslag. Nokon annan målbruk er både fornærmande og nedbrytande — reint bortsett frå at dansking — skriftleg som munnleg — er både tåpeleg og forakteleg.
Lukke til og god framgang med gagnleg gjerning!
Bygdefolk
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *