Home>Hardanger>Tankar rundt eit årsskifte (1976-1977)
Hardanger Politisk Ullensvang Ymse

Tankar rundt eit årsskifte (1976-1977)

ORDET FRITT: Så set vi enno ein gong og skal tenkja attende samstundes med at vi og set med ei grand uvisse for kva framtida har å gi.
Det kjennest på ein måte lettare det å sjå attende. Fordi det er kjende ting og hendingar. Framtida har meir av uvissa i seg og kan skrema. Men om ein skal sjå på året som gjekk, så er det så visst rikeleg stoff i det året om ein har vilje og evne til å sjå stoffet.
Det var tre store saker som kom til å dominera biletet her i Ullensvang. Den største var kan hende at Eidfjord vann fram og vart sjølstendige att. Sak nummer to var ei direkte fylgd av denne lausrivinga fordi det førde med seg at vi måtte ha nytt kommuneval både i Eidfjord og i Ullensvang. Den tredje store saka var bjørnen på Vestsida som har oppteke folk og massemedia i uvanleg sterk grad.
Om vi skal gi oss inn på nokre småe kommentarar til desse tinga så er det å seia at frigjeringa av Eidfjord tok til alt då Scheikommiteen la det inn i Ullensvang. Vi må ikkje gløyma han Torbjørn og alt arbeidet han la ned i denne saka. No fekk han ikkje sjøl oppleva å vinna fram, og ein har ein liten tokke av at andre held på og skummar fløyten som han skulle hatt mest av. Men det er klårt at ein eller nokre få ikkje ville ha makta slå gjennom. Det måtte det ei samla bygd til, og det må vi ikkje gløyma! Sjølv om meiningane nok var delte, og er det kan hende enno i endå sterkare grad, så gjorde dei som forfedrane: dei møttest til eit forsoningsblot i Kinsarvik og gav kvarandre gåver slik det høver seg i slike lag.
So no er det gamle Kinsarvik og Ullensvang som saman skal freista trekkja lasset. Lasset vil truleg verta tyngre fordi det i åra saman med Eidfjord trudde så sterkt på framtida at dei våga å satsa på store og dyre hus, skular, kyrkjer og anna. Så kan ein seia at dette er då berre ting vi likevel måtte ha ein gong. Likevel er det ikkje sikkert at storleiken og staden hadde gitt seg sjøl med ei slik utvikling i tankane. Truleg hadde dei var same, dei som mana til varsemd, våga seg meire frampå. Men korleis det no enn er blitt, så er det noko vi må vera med på alle!
Dei som set i heradstyresalen og tolkar notid og framtid har det godt slik. Om det går gale, så er dei ikkje åleine om å turka opp sølet! Det å vera med i eit heradstyre er noko eg aldri ville ha våga. Tenk på det store ansvaret dei hev, og som ein slepp unna, om ein ikkje er med?? Eg har så ofte sete på pressebenken og tenkt med meg sjøl: Det må i sanning vera noko i det at den Vårherre gir eit embete gir han også forstand. For når ein høyrer heradstyrerepresentantane gi si sjølsagde og trygge tolking om ei uviss fram tid, ja då må ein undrast. For det er i sanning ikkje berre vet som krevst: ein må vera spåmann og om alt skal klaffa! Når eg sit her no og tenkjer attende så slår det meg at det i grunnen ikkje er så reint lite som ikkje klaffa. Så soleis er dei ikkje meire enn menneskje dei som set i kommunaltstyre og stell heller. Og godt er det! Avstanden vert liksom mindre, ein kan våga seg å tala til dei att slik som før dei vart innvalde. Og dermed er eg på full veg over i den andre storsaka: kommunevalet. Etter ein slik slutt på den førre saka som eg våga på protestere mot, så undrar det meg at så mange har slik glupande appetitt på taburettar.
Men kva fekk vi sjå? Jau, at slike som offenteleg hadde sagt frå seg attval og etter lova kunne krevja det, likevel kom med att. Slik vi har sett det så mange gonger før!
I grunnen vart dette valet så pass kvasst at det heldt på å gå ille. Dette fordi ein partileiar i valstriden kom til retta skuldingar mot ein politisk motstandar som denne ikkje kunne finna segi. Og heller ikkje dette er nytt for ein som har fylgt med over ein del tid. Mange vil truleg smila når eg rippar opp noko frå gamle-dagar då ein representant var ein sann kamuflasjemeistar når det gjaldt å angripa ein representant frå eit anna parti. Kunne han sleppa til så kvidde han seg ikkje med å ta med bror til representanten og, og det siste gjorde at vi skjøna at det var private saker og ting som låg attum. Ved eit underleg treff er det dei same partia som var med no som den gongen. Om dette skal kunna gi nokon sikker konklusjon, eller om det er reine tilfelle, er vandt å sei noko om.
Personleg trur eg ikkje på slike verkemidlar i valstriden. Det finnst grenser, sjølv om dei nok kan vera vande å finna, så er dei der like fullt. Og det løner seg å fylgja dei!
Om Finn Gustavsen sin definisjon på ein politikar vil høva på ein kommunalpolitikar, er vel lite truleg. Men Gustavsen råkar alltid, i alle fall gjorde han det på den tida han sa det. Han sa det slik: Ein politikar treng ikkje ha ryggrad, fordi at skinn fellen etter kvart vil bli så tjukk at han står på fellen. Slik trur eg ikkje vi vil ha våre politikarar. Om eg skulle vilja seia noko om kva eg meinte så var det at vi så alt for ofte høyrer program og valløfte under ein valstrid. Men kvar vert det av programpostane som representantane er valde inn på når valet er over? Det var ein stor mann og ein stor politikar som sa det slik: Legg programpostane dine inn i ein kommode, med ein post i kvar skuffe. Og så trekkjer du ut ei skuffe kvar gong du møter! Lat meg så slutta av med Vestsidebjørnen som anten den har to eller fire føter fekk ein eineståande PR. Jolegleda for oss på Vestsida blanda seg med gleda over at bjørnen truleg hadde gått i hi for vinteren. Etter som ein kan skjøna er den enno ikkje komen ned til Rogdo for ellers hadde nok Fjordgubben hatt ei onnor meining kan hende. Og dermed er også Fjordgubben plassert på kartet slik at ein kan unngå mistydingar for framtida. Eg vil gjerne slå fast at når eg skriv, så skriv eg under nemningar som klårt fortel kven som har vore ute. Synest det er rettast slik!
1977? Ja, eit nytt år er kome inn i spaltane i Hardanger og. Ja, så er det då noko nytt der og, som han sa mannen. Men i 1977 vonar vi må bli likt 1976 i ein ting: fred i landet og fred i bygd og by. Og kva framtida vil gi oss, ja om det kan vi berre spå!
L.G. Alvsaker.

 

HARDANGER Laurdag 12. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *