Home>Hardanger>Ymse>SUNDAGSTANKAR: Er Jesus med i ditt reisefylgje?
Ymse

SUNDAGSTANKAR: Er Jesus med i ditt reisefylgje?

Jolebodskapen fortel om dette store at Gud har vorte menneske for å frelse oss. Gud har gjort eit avgjerande brubyggingsarbeid frå seg til oss. No er vi inne i openberringstida og desse to sidene ved Jesus, sann Gud og sant menneske møter oss i tekstane på ulik vis. Desse sidene kjem også sterkt fram i teksten for fyrstkomande sundag der vi møter Jesus i tempelet som tolvåring.

Dette er einaste skildring vi har av Jesus mellom hans fødsel og til han stig fram meir offentleg i tredve års alderen. Det er visseleg ikkje fyrste gongen Jesus var med foreldra sine opp til Jerusalem, for dei var fromme og gudfryktige menneske som brukte å reise dit opp kvar påskehelg. Eigentleg skulle kvar vaksen jøde etter lova feire dei tre store høgtidene påske, pinse og lauvhyttefesten i Jerusalem. Men sidan dette var umogeleg å gjennomføre for dei som budde langt langt borte, vart det til at dei meir samla seg om å reise til ei av høgtidene, serleg påskehelga. Jerusalem som til vanleg hadde omlag 70 000 innbuarar, fekk gjerne 125 000 menneske i tillegg i påskehelga.

Ofte reiste dei saman i store fylgje og medan dei gjekk, song dei av dei gamle Davidssongane som var skrivne til slike høgtidsferder. Men det var ikkje berre på grunn av samhald it dei reiste i slike store fylgje. Det var nok også for å verje seg mot røvarbander som heldt til i dei aude fjellområda.

Jesus var no 12 år, og når eit barn hadde fylt 13 år, måtte dei forplikte seg til å halde Lova. Men for at dette ikkje skulle kjenast som ei tung bør som vart lagt på ein 13 åring, så var det nok mange foreldre som øvde borna sine i gode skikkar og gudeleg ferd.

Jesus gledde seg visseleg over ei slik reise til Jerusalem. Han opplevde byen som eit sant menneske med alt som der var å sjå. Det er som det står i Hebr. 4,15: «Han er ein som er prøvd i alt på same måte som vi, men utan synd». I høve til sine foreldre ser vi og at dette at mor hans hadde funne han i tempelet, fylgde han foreldra heim til Nasaret og var lydig mot dei, og han gjekk fram i visdom og vokster og velvilje hjå Gud og menneske.  Han var sant menneske.

Som sant menneske kan Jesus gjennom det vi høyrer om han her og elles i evangelia vere eit førebilete for oss alle. Det er berre på eitt punkt i denne fortellinga han synest å

demonstrere ulydnad mot foreldra sine. Han stakk ifrå dei.

Men her er det han syner oss at han er meir enn son åt Maria, han er sann Gud. «Visste de ikkje at eg lyt vere i huset åt Far min?» Jesus viser her at han er medviten om sitt opphav, han veit at han står i ei serstilling til sin himmelske Far. Han måtte vere i Guds hus. Denne lydnaden mot Gud gjekk framom lydnaden mot Maria og Josef.

«Du skal lyde Gud meir enn menneske!» Det gjeld også alle i dag som vil vere kristne og vere i hans fylgje. Vi må ikkje stille vener og familie eller noko anna framfor Gud.

Maria og Josef tok på heimveg i god tru og rekna med at Jesus var med i reisefylgjet, men så synte det seg til deira forskrekking at han ikkje var med. Vi må heller ikkje ta det for gjeve at han er med i vårt reisefylgje.

Tenk om det syner seg på den store domens dag at vi har forrekna oss. .Vi må granske oss sjølve så vi ikkje bygger vår kristendom på falske støtte og at vi ikkje held Jesus Kristus utan for livet vårt. Han som einast er vegen, sanninga og Livet! Er Jesus med i ditt reisefylgje?

Kolbjørn Aske.

 

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *