Home>Utgjeve>1977>Smånytt 22 Jan 1977
1977 Hardanger Januar Målkamp Ymse

Smånytt 22 Jan 1977

Boset i sekk eller dunk?
Nytt interkommunalt oppmalingsapparat for søppel frå 70 000 Vestfoldingar startar opp no straks over ny-året. Søppelet vert fylt i sekker i staden for i dunkar hos kvart hushald. Danskane var først ute med sekkerenovasjon i Skandinavia. Dette var i 1957. Første året gjekk det det med 150 000 sekker av papir frå Sverige. I dag har dei mest berre sekke-renovasjon i Danmark — og berre papirsekker. Den danske renovasjon er lagt opp litt annaleis enn her i Noreg. Og der går med 80 millionar papirsekker for året i Danmark.
I Vestfold vert det sett opp sekkestativ på torg, brygger og langs gater, vegar og strender. Dette ser ut til å minska utsleppet elles rundt omkring. I turistsesongen vert dei tømt på laurdag og sundag. Og dette kjem vel med då, men er uvanleg elles dei fleste stader. Og er like trivelig for det. Papirsekkene tek 100 liter eller 160 liter, og er laga så dei høver vel til stativa som vert nytta i her i landet og.

Mållag 100 år
Målvinarlaget ved Stord Lærarskule — det mållaget i landet er 100 år. Minneåret vart markert med m.a. eit stort seminar 15. januar. Temaet er skulen og å bruka det lokale målføret og talemålet. Førelesarar på seminaret var formann i Noregs Mållag, Ola Breivega, universitetslektor Åge Steinset, lektor ved Stord Lærarskule, Reinert Leirvik, og formannen i Noregs Lærarmål lag Arne Skjerven. Seminaret var ope for alle interesserte, og det vart høve til å drøfta nærane, dei ymse spørsmåla, melde 100-åringen på Stord.

 

«Noreg» på to frimerke

Frimerke 1977 Maritim og Skogsmotiv med Noreg
Frimerke 1977 MaritimDesign, med Noreg

Sju nye frimerkeseriar kjem ut i år. To av dei får namneforma NOREG, opplyser generaldirektør Ragnvald Rustung Bru i Postverket. Noregs Mållag og andre kravde namnet nytta på frimerke, og dette vart drøfta i riksstyret. Samferdsledepartementet slutta seg til at namneforma Noreg skal nyttast noko meir enn før. Dei to seriane det gjeld denne gongen, har motiv frå Norske treslag og frå norsk fiske. Elles kjem det i år frimerkeseriar med motiv frå kystfarten. Serien med motiv frå målarstykke held fram, og me vil få ein ny bruksserie med motiv frå ymsekantar av landet.

 

HARDANGER Laurdag22. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *