Home>Utgjeve>1977>Sams slektsnamn ei trygg råme kring familien
Sams slektsnamn, er det best?
1977 Hardanger Helse Januar Kultur Politisk Ymse

Sams slektsnamn ei trygg råme kring familien

Ei arbeidsgruppe i Justisdepartementet har utarbeidd ei skisse til endringar i namneloven. Lars Korvald har tidlegare karakterisert

Sams slektsnamn, er det best?
Sams slektsnamn, er det best?

dette som eit makkverk. Eg vil underskriva denne karakteristikken, sa Hans Olav Tungesvik i eit foredrag i Åsane tysdag. Utgreiinga er laga av tre tenestemenn i Justisdepartementet og Statistisk sentralbyrå. Det er ingen grunn til å rekna med at det er den politiske viljen i departementet som kjem til uttrykk. Eit omfattande dokument med eit så brennbart innhald ville neppe vorte offentleggjort utan politisk velsigning. Det viktigaste ankemålet mot utgreiinga er at ho ikkje i det heile tek omsyn til verdien av sams slektsnamn for små og store i familien. Fellesskap i namnet har mentalhygienisk verdi, først og fremst for borna. Det har med kjensla av identitet å gjera, sa Tungesik. Framlegget om at ektefolk automatisk skal behaida sitt gamle namn ved giftarmål er med og splittar ein elles pressa familie ytterlegare, og framlegget tek ikkje omsyn til borna og deira behov i denne samanhengen. Denne saka har ingenting med likestilling å gjera, om nokon skulle falla på den tanken. Avgjerande er ikkje om familien tek mannen eller kona sitt etter namn. Det vesentlege er at me får eit lovverk som seier at hovudregelen skal vera sams etternamn for dei som høyrer til same huslyden. Det tankelause framlegget om at born automatisk skal få mora sitt etternamn ville — om det vart vedteke — føra til store omveltningar på kort tid, og ytterlegare forsterka mange av dei oppløysingstendensar som me alt ser omkring oss i samfunnet vårt. Ei namnelov etter den leisten, skal me greia oss utan, sa Tungesvik til slutt.
HARDANGER Laurdag22. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *