Home>Hardanger>Pensjonisttreff på Utne Hotell
Hardanger Politisk Ullensvang

Pensjonisttreff på Utne Hotell

Det er fleire av dei som var med på pensjonisttreff på Utne i aug, 1975 som har kome til meg og spurt om me ikkje snart kunne få koma saman til eit liknande møte. Eg har samrådd meg med fleire om dette, og nå er det klart for nytt møte.
Har fenge lovnad på at me skal få treffast på Utne Hotell fredag den 28. jan. Der skal me få middag og kaffi — og varmt og godt (veit meerfrystne). Men det skal ikkje vera berre eting og kaffidrøs, men arbeidsmøte. Derfor m.a. på fredag. Me har fenge tilrettes opplegg for skiping av PENSJONISTLAG. For pensjonistar av ymse slag (med ektemakar) i og ifrå landskapet Måge til Storås. Me trur fleste pensjonistar har tid og lyst til å møtast om det er ein kvardag, når det heiter at dei skal få vera med å arbeida litt og. Ja, råd har alle, sjølsagt. Fordi ein også støttar pensjonistsamskipnaden i landet. Og skal få Vera med å gjera vårt til at pensjonistane får det betre både økonomisk og elles. Kortsagt: til hygge og nytte skapt av oss sjølve. Kva hjelpesmenn for underholdning er enno litt for tidleg å segja. Men det er von til noko. Dei som vil møta og vera med, ber ein om å melda seg til Utne hotell. Ut frå det skal ein mogeleg ordna buss/bilskyss, og gjera det kjent. Elles trur me nok at ein og annan ofrar bilskyss på pensjonistar. Sjå lysing annan stad i bladet.
Med helsing
K.S. Jaastad
5777 Grimo

HARDANGER Onsdag 12. januar 1976

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *