Eidfjord kommune Hardanger Politisk Ymse

Nytt skulestyre i Eidfjord

Førskuletiltak i Eidfjord — Frå foreldrelaget ved Lægreid og Sæbø skular er det kome ynskje om at det vert starta førskuletiltak ved desse skulane. Det er og eit ynskje at dette vert sett i gang så snart råd er. Den praktiske løysinga av dette spørsmålet er at 6-årskullet får 3 timar 2 dagar for veka […]

Odda Kommune Ymse

Oddingar til Kongsberg

Fleire ungdomar frå Odda tok til å arbeida i Våpenfabrikken på Kongsberg siste året. Dei fekk opplæring i Yrkesskule her føreåt. Somme hadde noko praksis i arbeid på verkstad attåt. Arbeidskontoret i Odda let oss få vita at dette er ein lekk i arbeidet med det nye industritiltaket på Eitrheimsneset. Kongsberg Våpenfabrikk legg grunnen til […]

Hage/dyrking Hardanger Ymse

LOT-småskrift om jordlopper

Moderne rotvekstdyrking med serleg tunnsåing gjer dei spirande plantane svert sårnæm (or åtak av jordlopper, heiter det småskriftet «Jordlopper på Kål og rotvekster», som nyleg er ut gjeve av Landbruksdepartementet si opplysningsteneste. I småskriftet vert det gjort utførleg greie for dei ulike artane av jordlopper som tek på krossblomstra plantar. Me får m.a. veta at […]

Hardanger Politisk Ullensvang Ymse

Espelid og valkampen i fokus under årsmøtet til Hordaland Venstre på Utne til helga

Det vert naturleg nok valkampen og Venstres fyrstekandidat, ordførar Mons Espelid frå Askøy, som vil stå i fokus under årsmøtet i Hordaland Venstrelag på Utne Hotel laurdag og sundag. Mons Espelid er eit heller nytt namn i politiske krinsar i Hordaland, sjølv om han no sit i ordførarstolen for Venstre i den folkerikaste landkommunen i […]