Home>Hardanger>Ullensvang>ORDET FRITT: Service på postkontoret, Lofthus
Ullensvang

ORDET FRITT: Service på postkontoret, Lofthus

Service på postkontoret Fredag 31. desember, siste dagen i 1976, tok eg med resten av rekningane for å betala dei i posten. Eg går inn på postkontoret på Lofthus og stiller meg i kø. Framfor meg står tre personer, ein mann i 60-års alderen, ein liten gut og ein kar rundt dei tretti. Straumen er borte.
«Dette er ikkje meir verdt enndo-papir». Stemma til postfunksjoneren får meg til å vakna ut or nyttårsstemning og nyttårstankar. Eg har vanskeleg for å tru at Lofthusmannen var ein svindlar, sjølv om han bad om å få utbetalt ein pengesum på eit papir som adressaten ikkje hadde kvittert på (Eg trur det var kona hans).
Guten, som skulle ha ti frimerker, fekk dei, betalte og gjekk. Så var det oss to siste. Me hadde begge med ein 6-7 postgiroblankettar kvar. Men då var det stopp. «Nei, eg nektar å ta dei. Straumen er borte, reknemaskina verkar ikkje. De kunne ha kome før, ikkje samla det opp til siste dagen». Me prøvde å forklara at det slett ikkje var frå heile året, og at det var viktig å få betala desse rekningane. Det var enno ikkje vilje til å gjera noko. Me spurde om posten var
å betrakta som stengd. Det vart ingen reaksjon på det. Me måtte berre forlata postkontoret utan resultat. Den eine for til Kinsarvik, den andre til Hovland. Her var det berre velvilje å møta. Til dette vil eg seia at det vanlegvis kjem mange innbetalingskrav på denne tida. Når det er i opningstida, har tenestemannen plikt til å ekspedera kundane, sjølv om han må bruka papir og blyant for å leggja saman. Eg trur ikkje det står nokon stad, at det er unntak frå vanleg praksis fordi om straumen er vekke. Me får vona at dette var ein enkel episode som ikkje tek seg oppatt. Kanskje ein skulle prøva seg med eit lite smil i staden? Det kostar i alle fall mindre enn portoen på ei nyttårshelsing.

Godt Nyttår,
Johannes H. Sekse
HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *