Home>Hardanger>Ordet fritt: Planlegging utan omtanke
Hardanger Odda Kommune Politisk Ymse

Ordet fritt: Planlegging utan omtanke

Tidlegare i vinter høyrde me at Odda kommune hadde fått godkjent to forprosjekt for nye barneskular i Odda, ein på Bakke og ein på Eide. Om desse skulane nokon gong vert bygde, er etter møtet i kommunestyret den 29. des. heilt på det uvisse.
Kommunestyret gjorde i dette møtet vedtak om at det er viktig å få full avklåring og prioritering av bustadområda, før ein tek stilling til bygging av nye skular i Odda. Endå kommunestyret i same møtet gjorde vedtak om at servicetiltak av ålment verd, og utbygging av grunnskulen er å sjå på som høgste prioriterte oppgåver, vil dette i praksis seia at det ikkje vil verta bygd ny barneskule i Odda før politikarane endeleg har teke stode til bustadbygging i Eidesåsen, Jordal-Strand, Hjøllo og Digranes. At ei realisering av ny barneskule endå ein gong skulle verta skubba ut i uvissa for kanskje fleire år frametter, vil verta til stort mein for skulestellet i Odda. Det er no snart åtte år sidan den fyrste plannemnda vart nedsett, og det er nytta bortimot ein halv million i planleggingsutgifter til dei forprosjekta som no truleg vert forkasta. På den prioriteringslista som kommunestyret vedtok den 5. februar 1975 vart det sett opp ti punkt. Her hadde skulebygga fått fjerdeplassen. Dei anlegga som hadde plassane framfor, er no stort sett realiserte, medan ein har hoppa over skulebygga. Dette gjer ein en då barneskulen på Bakka er ein gamal og tungvint skule som ikkje tilfredsstiller dei krava den nye mønsterplanen og ny lov om integrering av funksjonshemma elevar, set i dag. Det er dessutan ingen grunn til å løyna at skulebygget på Bakka høyrer til den gruppa som vert rekna som brannfarlege bygg.
Ein må no ta stode til kva skular ein vil byggja. Og slik situasjonen er i dag, bør det snarast byggjast ny skule på Bakka. Det må ikkje framleis vera slik at kvar gong nye politikarar kjem inn i biletet, skal planene for skulebygginga revurderast. På den måten vert det berre med planlegging og ikkje noko løysing av skulen sine problem i det heile. Det er dei som hevdar at det er mest logisk at ein først fekk klårt kvar folk vil bu i framtida, før ein tek stilling til kvar barneskulane skal byggjast. Det er rett nok. Difor er det så viktig at me snart får ei avklåring her og. Det er berre nokre månader sidan kommunestyret vedtok å prioritera ei liste for nye bustadområde i samband med det rullerande bustadprogrammet. Dei som har studert saksdokumenta den gongen dei to forprosjekta for nye skular på Eide og Bakka vert godkjende i kommunestyret, veit at plannemnda har sett på dei aktuelle bustadområda, både dei som alt er regulerte og dei framtidige bustadområda og bisentra. Ut frå dette har ein vurdert kvar ein vil få auka busetnad innan noverande Odda Krins. Dette fortel oss at t.d. ei utbygging av Eidesåsen er vurdert av plannemnda før dei gjorde framlegg om nye skular. Så det skulle ikkje av den grunn vera naudsynt å ta fatt på ein ny runde med planlegging. I siste kommunestyremøte i Odda vart eit framlegg om at ny barneskule på Bakka skulle ha høgste prioritet nedrøysta og finansutvalet sitt framlegg om å få full avklåring og prioritering av bustadområda før ein tek en deleg stilling til nye skuleanlegg, fekk stort fleirtal.

B.T.

HARDANGER Laurdag 12. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *