Home>Utgjeve>1977>ORDET FRITT: Kven treng be om orsaking?
1977 Januar Politisk Religion Ymse

ORDET FRITT: Kven treng be om orsaking?

«Israels ambasadør bekalager sine uttalelser», står det i dagspressa… So kan den norske utanrikskomité taka på seg «forsoningskappa» og lata nåde gå for rett.
Alle me andre kan pusta ut etter «et spent forhold»..
David Revlin kan meditera litt over den uangripelege norske rettferdskjensla. Ser sanninga soleis ut? Nei, og atter nei. Den norske utanrikskomité er naturlegvis ikkje ein flokk analfabetar. Me har vore tuta øyro fulle om flyktninglægra til palestinarane. Me veit og at lægra huser terroristar. Folk som ikkje berre er eit midtøstenproblem, men eit verdensproblem. Nei, den norske utanrikskomité trong so visst ikkje reisa dit og «geberda seg for all verden» om uverdige forhold.

Terroristar i Palestinske leirar
Terroristar i Palestinske leirar

Store ord løyser inga problem korkje, for palestinarar eller andre folkegrupper som lever i slum og flyktninglæger. Store ord kan tvertom forverra problema, og forvrenga problematikken. Siste heimskrigen var indirekte eit resultat av handlingsvalne, tvetunga statsmenn.
Det vesle jødefolket miste over seks millionar menneske. Me kjenner soga og veit eller burde vita at flyktningproblema er
velkjende ogso for Israel. Om alle nasjonar kunne læra av staten Israel, var flytninglægra snart berre ein vond draum.
Etter mykje strid og blodspille fekk det fredlause folket ein liten del av sitt gamle fedreland. Men det vart ingen fredeleg heim. «Ein har ikkje fred lenger enn grannen vil». Ja, endå til statar som røysta for Staten Israel i F.N. har vore og er med på terroren mot det vesle fredlause folket. Dei vestlege land har stort sett vore handvalne og tvetunga i forsvaret av Israel. Og smiskande mot deira uvener. Nett same tonane som før siste heimskrigen. Arabisk handel og oljepress ser ut til å vera viktigaste faktoren i fredsløysinga for midtausten i dag. Israel skal tvingast i kne og framleis vera eit ope mål for samvitlause terroristar. F.N. kan halda på med fordømingsresolusjonar om dei tek til motmæle. Og den norske utanrikskomité kan reisa på ferietur og orientera seg om arabisk fredsvilje, og uverdige forhold i arabisk slum. «Da våre barn gråt under galgen tidde verden stille.»
Djønno 17/1/77 Johs. Solbakken.
HARDANGER Laurdag22. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *