Home>Utgjeve>1977>ORDET FRITT: Bleie – Meland
Halldor Meland, ein framifrå spelemann
1977 Hardanger Januar Kultur Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

ORDET FRITT: Bleie – Meland

Eg visar til Hardanger den 12. d.m. og det anonyme innlegget der om min ringe person.

Spelemannen Halldor Melan d. Ein av dei fremste.
Spelemannen Halldor Meland. Ein av dei fremste.

Innsendaren har ikkje våga å setja sitt fulle namn under. Slike anonyme innlegg svarar eg ikkje på. Og Jon Bleie vil nok be seg fri hjelp frå slike namnlausingar.
Eg visar til det eg fyr har skrive: «Biografien er grundig og velskriven. Eit stort samleverk er utført her. Forfattar Jon Bleie har kjendt Halldor Meland frå han sjølv var smågut, og sjølv har Jon Bleie vake auga for fullgod kunst. Jon Bleie var ein av Halldor Meland sine beste og mest skynsame vener.
Halldor Meland. Eit liv i tonar, er ikkje berre personleg lokal historie, men eit stykke verdifull norsk kultursoga. Me skuldar forfattaren, bokmann, Jon Bleie, både takk og vyrdnad. «Gula Tiend 27.11.1976».
Det gjekk seint fyr haringane lærde verdsetje kunstnaren Halldor Meland. I 1922 sa Sjur Helgeland: «De dar nede i Harang har ein so stor spelemann i Halldor Meland at de skynar da inkje sjølve».
Teledølene byrja tidleg skyna og verdsetja spelemannen Halldor Meland. Kunstmålar og sogemann, Knut Hovden fortalde i 1930: «Ein stor kappleik vart halden i Seljord. Ein gullbekar var oppsett til beste spelemann. Den skulle Torkjell Haugerud ha. Domarane kom i ei leid knipa. Halldor Meland møtte og opp på kappleiken. Torkjell Haugerud fekk då bullbekaren. Teledølene sa sjølve, det var då haringen, han der Halldor Meland som skulle fenge denna.
Det var då klart for alle oss i hallen, det var haringen, han Halldor Meland som var sjølve spelekongen på dette stemnet». For tjuge år sidan sende me Ullensvang heradstyre søknad og bad om dei heidra Halldor Meland med ei liti kunstnarløn på kr. 1 000,- for året, som komponist, samlar og skapar av folkemusikk. Søknaden hadde 28 underskrifter. Meland var alt då ein gamal mann. Det er eit pinelegt minne den måten ordføraren, men og Ullensvang Formannskap og fl. tolka og handsama denne søknaden på. Jon Bleie har og med boki: Halldor Meland. Eit liv i tonar, reist kunstnaren ei traust bauta, som me skuldar han vyrdnad og stor takk for.
Olav Børve
HARDANGER Laurdag 22. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *