Home>Hardanger>Odda sel og nektar sal av eigendomar
Kommunevåpen Odda
Hardanger Odda Kommune Politisk

Odda sel og nektar sal av eigendomar

Odda formannskap hadde på møtet onsdag føre nokre søknader om kjøp av kommunale bustader og eigedomar.

Kommunevåpen Odda
Kommunevåpen Odda

Formannskapet gjekk inn for å selja eigedomen Eidesmoen 1 til Sylvi Holm Bjørke og Olav Bjørke, eigedomen Eidesmoen 3 til Erik Folkedal, Eidesmoen 4 til Toralv Mikkelsen og Eidesmoen 5c til Freddy Eriksen. Derimot ville ikkje formannskapet rå til at distriktslækjar Halleråker får kjøpa eigedomen Kvednavegen 4. Vedtaket vart gjort med 9 mot 2 røyster. Formannskapet vedtok elles å rå til at kommunen fråfell for kjøpsretten sin til eigedomen Albert Pettersonsvei 11.
HARDANGER Lørdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *