Home>Hardanger>Nytt håp for herrehandballen i Odda?
Hardanger Idrett Odda Kommune

Nytt håp for herrehandballen i Odda?

Ein skal aldri vere kategorisk på førehand når ein pratar om idrett. Det synte Odda sitt herrehandbandballag sundag då laget klarte uavgjort 19-19 mot storfavoritten Kragerø.

Herrehånballen i Odda i 2. divisjon
Herrehånballen i Odda i 2. divisjon

Etter ein fyrste omgang med klar Kragerø-dominans, men med ein utruleg Oddakeeper, rekna ein med klår siger til gjestene. Betre vart det ikkje av at Kragerø auka leiinga til seks mål midtveges i 2 omgang. Men då var det jamt slutt for fjorårets l. divisjonslag.
Oddalaget vakna og henta inn leiinga. Frå 17-13 til 17-17 og inn heldt laga fylgje. Det er kanskje ikkje rett å trekke fram einskilde spelarar, men Odda sin målvakt, John Jakob Krag var mest som ein levande mur i denne kampen. Dessutan spelte Ole J. Bjørkestrand og Jan Kåre Moe godt.
Det samme gjorde Leif Kongestøl som scora 8 mål trass i spesialoppvarting heile tida. Det viktigaste med kampen var at den framleis gir von for herrelaget til å halda seg i 2. divisjon. Men det skal halde hardt.
Det er mange vanskelege kampar framover, mellom anna to kampar i Horten og Tønsberg.
Corner
HARDANGER Laurdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *