Home>Hardanger>Nynorsk-fåkunne blant universitets-tilsette, Skrift-konsulentar på tale
Hardanger Målkamp Politisk

Nynorsk-fåkunne blant universitets-tilsette, Skrift-konsulentar på tale

Dei lærde ved Universitetet i Oslo kan ikkje nynorsk.
—Kunnskapen på dette området i administrasjonen og undervisninga er skrøpelege greier, seier universitetsdirektør Olav M. Trovik til Nynorsk Pressekontor.
Eit utslag av denne mangelen på almenutdanning blant dei som arbeider ved ein av dei høgaste læreanstaltane i landet er m.a. at studentar ikkje får oppgåver på nynorsk til eksamen, slik dei har krav på.
Seinast i vår var det ein student som gjekk frå eksamen fordi han ikkje kunne få nynorsk-oppgåve til eksamen.

Nynorsk-kunnskapen er mangelfull..
Nynorsk-kunnskapen er mangelfull..

Til bladet Fram — avisa åt Studentmållaget i Oslo — seier universitetsdirektør Trovik at ei løysing for å sleppe slike tilfelle sidan kan vera å få ei form for beredskapsmannskap som kan hjelpe til med omsetjing dersom oppgåveskrivarane sjølve ikkje greier det.
Til ein viss grad finst det alt ei slik konsulentverksemd ved nokre fakultet, men noka fast konsulent-teneste, slik som i NRK, finst ikkje enno. Det blir no drøfta.
—Med den store skilnaden det er i dagspråk måtte vi nok ha ein konsulent for kvart fakultet eller for kvart fag, seier Trovik.
—Slik omsetjing er ikkje alltid problemfri. Frå mi tid som fakultetssekretær på det juridiske fakultetet hugsar eg eit tilfelle med ei oppgåve i sosialøkonomi der realitetane vart heilt endra ved omsetjing til nynorsk, slik at det måtte lagast nye oppgåver i begge målformene.
(NPK)
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *