Home>Hardanger>Odda Kommune>Marit Haugse til minne
Odda Kommune Ullensvang

Marit Haugse til minne

Ei mor er borte, ein plass står tom

Eit arbeid er gjort.

Men ein truskap er lagt i smått og stort

som ikkje kan målast i ord,

og ingen kan fylla ditt rom.

Hit du kom i krigens år

og fann di lukka i grenda vår

I liv og arbeid og husmoryrke

i alt du hadde din stryke

i lyd og lag, i tun og på gard

du var av rette vyrkje.

Eit ettermæle er alt som er att

har ein eller annan klassikar sagt,

Eit minne kan vera som sol over fjell

når dagen minkar og er på hell.

Ditt minne Marit me gjerne hyser

som solaroden imot oss lyser.

S.S.

 

HARDANGER Onsdag den 5. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *