Home>Utgjeve>1977>Målgåva
Noregsmållag logo
1977 Hardanger Januar Kultur Målkamp Politisk

Målgåva

I eit tidlegare nummer av «Hardanger» hadde me ei gledeleg melding om rekordstor målgåve for 1976. Skrivarstova åt Noregs Mållag hadde sett som mål å få 270 000kr. i målgåve for fjoråret. Men etter som målgåvene kom heller tregt inn første helvta av året, fann Skrivar stova at det var nok å setja vonene for høgt med 270 000 kroner. Så skar dei talet ned til 230’000 kr. .Det var meir realistisk då. Men kva skjer så? Ut etter hausten auka gåvene og rekorden vart sett i desember. Tilsaman kom det inn 330 000 kr. i 1976. Dermed var alle rekordar slegne.
Skrivaren i Noregs Mållag, Olaf Almeningen, er som rimeleg kan vera stornøgd og glad over ei slik gjevarglede. Ho vitnar om offervilje og stigande interesse for målarbeidet. Heile landet har vore med. Men Hordaland ligg i fremste rekkja. Frå Sørfjorden er det kome mange og store summar, ofte fleire hundre frå same personen. Ja, det er nokre som har sendt pengar fleire gonger i året, seier Almenningen. Han bed oss helsa og takka alle gjevarane her i Hardanger. Pengane kjem vel med.
Å gje målgåve er godt, praktisk målarbeid. Dermed gjer me landsamskipnaden vår før til å gjera det arbeidet som trengs til kvar tid. Og det er ikkje lite. Det er sterke krefter som arbeider imot oss. Det er ikkje mange dagane sidan bokmålsfolket var framme i Stortinget. og ville «liberalisera» mållova. Ei ny mållov er på trappene. Då trengs det at me har folk som kan skaffa til vegar opplysningar og materiell, så stortingsmennene kan få hjelp til å gje oss ei lov som syner rettferd.
Me kan nemna striden for å få lærebøker og læremidlar på nynorsk, ein strid som ser ut til å verta langdryg. Skulekrinsar krev målbrigde. Her må målfolket gje rettleiing og råd og sakleg opplysning. Me målfolk synest og ha det dei kallar utvikling i mot oss: Sentraliseringa med fleire og fleire kontor i byane der papirmylna mel berre bokmål, datamaskinene som synest vera ubrukande til nynorsk, kapitalmakta, pressa, o.a. massemedia. Alt dette gjer at me må vera på vakt og støtt i kampstilling om me ikkje skal missa dei få rettane me har.
Den store målgåva i fjor syner ein kraftig målvilje hos folket. Og det må vera ein sterk inspirasjon for dei som arbeider i mållaga antan det no er på lokalt plan eller på landsplanet. Her vil me og minna om at medlemskap i mållaget har mykje å seia. Om me berre står som passivt medlem, så er me likevel med og stør økonomisk det arbeidet som må gjerast, og me tel med når avgjerdene skal takast. Styresmakter og administrasjonskontor kan høyra på lag og organisasjoner som kan visa til eit stort medlemstal bak seg.
HARDANGER Laurdag22. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *