Home>Hardanger>Lokala til song, musikklag og eldresenter sett i stand
Hardanger Odda Kommune Politisk

Lokala til song, musikklag og eldresenter sett i stand

Odda formannskap har fylgt opp saka om istandsetjing av lokala til eldresenter og til song og musikkorganisasjonane i gamle yrkesskulebygget. Det er valt ei nemnd til å arbeida vidare med saka og i denne nemnda er desse med: Arne Vik frå for mannskapet, formannen i sosialstyret og eldreomsorgsutvalet, ein representant frå song og musikksambandet, ein representant frå Odda og Tyssedal Pensjonistforening og 1 representant frå Norzink A/S. Norzink har gjeve eit tilskot på 182 000 kroner til eldresenteret sitt aktivitetsrom, men det er klårt at dei tidlegare kostnadsoverslaga for istandsetjing av lokala ligg for lågt. Overslaget var på 214 000 kroner og dette held ikkje. Berre lokala til song og musikksambandet vil såleis koma på minst 250 000 kroner. Aktivitetane til song- og musikk sambandet er idag spreidd på mange forskjellige lokale i Odda og det vil verta mykje lettare å arbeida når alt er samla på ein stad. Det har vore ei reivande utvikling på denne kultursektoren dei siste åra og det vert rekna med at kring 400 personar vil nytta lokala i gamle yrkesskulen når dei er ferdige. Medlemene i song og musikk samskipnaden har gjort mykje dugnadsarbeid i lokala, men det som må gjerast vidare før lokala kan takast i bruk må finansierast gjennom t.d. ein kronerullingskampanje song og musikksambandet vil igang med, likeeins vil ein søkja bankar, bedriftene og næringslivet om tilskot. Samstundes vil truleg kommunen søkja fylket om kulturmidlar til opprustinga av song og musikksamskipnaden sine lokale, likeeins vil ein søkja om tilskot frå fylket til eldresenteret.
HARDANGER Laurdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *