Home>Hardanger>Ymse>Lite lønsamt å gje ut barneblad
Ymse

Lite lønsamt å gje ut barneblad

«MAGNE» Barnebladet Magne har sett seg nøydd til å slutte med parallellutgåva av «Magne» på ny norsk. Barnebladet vil prøve å ta med stoff både på nynorsk og bokmål i same utgåva, heiter det. Me får vone at den nye blad styraren, lyrikaren Jørgen Stang, greier å måta dette klokeleg til.
Men eit barneblad mindre på nynorsk vert det, og det er leitt at fråhaldsrørsla må gje opp denne skansen.
NORSK BARNEBLAD Norsk Barneblad har vore og er eit framifrå blad for borna. Her møter borna eit heimleg miljø i ein målbunad som ligg nært opp til deira eige talemål. Mange fleire foreldre burde syta for at borna deira fekk lesa dette bladet. Det seiest at bladet kjem i eit opplag på 14 000. Det burde ha vore tidobla. Redaktør Johannes Farestveit i Norsk Barneblad Forlag vedgår at det ikkje er lukrativt å driva barne blad i dag, heller ikkje bokforlag slik Norsk Barneblad gjer. Det er teikneseriehefta til jol som er den store mjølkekua for oss, fortel Faresteveit, som kan opp lysa at Smørbukk sel 75 000 eksemplar kvart år, Tuss og Troll 55 000. Dette gjer at for laget klarer seg i tevlinga. Mange klagar over at borna ber re kjøper og les utanlandske teikneseriar. Då er det gledeleg
å høyre at såpass mange kjøper desse framifrå norske teikne hefta. Me vil så sterkt me kan oppmoda foreldre til tinga Norsk Barneblad til borna sine og hjelpa dei til å lesa det.
«FOR DE UNGE A.S.» Eit nytt forlag, «For de unge A/S», har starta opp i Risør. Det er Ragnar Strømmen, i mange år redaktør i barnebladet «Magne» som er sjef for det nye Sørlands-forlaget. Målfolk skal merka seg at for laget i Risør straks set i gang med lesnad på nynorsk. For laget gjev i år ut seriehefta «Bamsemann» til tekst av Øy vind Dybvad og den velkjende teiknaren Bjarne Kristoffersen som illustratør. Den gamle trå varen i norsk teikneserieproduksjon «Nils og Blåmann» kjem samstundes i nynorsk- og bokmålsutgåve — og til same pris. Forlaget i Risør seier at Narvesens kioskutsal har teke inn mange tusen av hefta både på nynorsk og bokmål. Men det
er ikkje lett å finna fram,til kvar einskild serieheftekjøpar, Bamsemann og Nils og Blå mann kan ein og tinga beinveges frå forlaget adr. 4951 Risør. Forlaget i Risør seier oss at det var uventa stor etterspurnad etter Bamsemann og Nils og Blåmann på nynorsk, og trykkpressa måtte i gang att. Det er nok slik med seriehefte som med annan lesnad at alt let best på originalspråket, og Dybvad nyt tar alltid nynorsk i seriane sine.

 

HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *