Home>Hardanger>Indirekte siger til dei som streika ulovleg – Kan LO vera tent med dette?
Hardanger Odda Kommune Politisk

Indirekte siger til dei som streika ulovleg – Kan LO vera tent med dette?

Det er svært leitt av LO har vore med på denne avgjerda og der med opna vilkåra for at arbeidsløysetrygda, i strid med føremålet, vert nytta av krefter som vil bryta ned dei reglane, avtalane og lovene som gjeld i arbeidslivet, skriv h.r.advokar Tor Rynning Nielsen i ein kommentar i bladet «Økomonisk Rapport» til at eit fleirtal i Arbeidsdirektoratet sitt styre har gått inn for at ein skal betala arbeidsløysetrygd til dei som vart permitterte på grunn av ein ulovleg streik ved Norzink i Odda. Denne avgjerda er endeleg.

LO logo, 1997
LO logo, 1997

Det var i samband med ein ulovleg og tariffstridig streik ved Norzink A/S at spørsmålet om permitterte arbeidarar hadde rett til trygd kom opp. Saka var føre i den lokale arbeidsformidlinga, Arbeids- og tiltaksnemnda på staden, hos fylkesarbeidssjefen og Kommunaldepartementet. Arbeids- og Tiltaksnemnda i fylket kom til at dei permitterte arbeidstakarane ikkje hadde rett til trygd. Vedtaket fekk eit fleirtal på fire. Mindetalet anka saka inn for styreutvalet for
trygdesaker- i Arbeidsdirektoratet. Her vart klaga avvist. Men her og var det meiningsskilnad, og saka vart send inn til styret for Arbeidsdirektoratet.
I dette styret gjekk eit fleirtal på 3, m.a. LO sin representant — inn for at arbeidsløysetrygda skulle verta utbetalt. Etter føremål, og ordlyd i lova er dette vedtaket som fleirtalet gjer heilt uskjøneleg, skriv Tor Rynning Nielsen.
Han peikar og på at avgjerda utan tvil vil verta teken til inntekt for dei kreftene som i dag freistar å få til tariffstridige og ulovlege streikar.
Han seier at strategien under streiken ved Norzink nett opp var at streiken ved to avdelingar skulle gje til resultat at verksemda måtte permittera arbeidstakarar ved dei andre avdelingane. Siktemålet var utan tvil at desse skulle hjelpa til økonomisk til dei streikande med si arbeidsløysetrygd.
LO kan umogeleg vera tent med at arbeidsløysetrygd i strid med føremålet vert nytta av krefter som vil bryta ned dei reglar, avtaler og lover som gjeld i arbeidslivet, skriv h.r. advokat Tor Rynning Nielsen.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *