Home>Utgjeve>1977>Ikkje lett for skogbruket i 1976 – betre for jordbruket
1977 Hardanger Januar Kjøtproduksjon månad Utgjeve

Ikkje lett for skogbruket i 1976 – betre for jordbruket

SKOGBRUKET I 1976

Marknadsføringa gjekk ikkje lett for skogbruket. Direktør Ivar Aavatsmark seier dette til Landbrukets Sentralforbund. Det var venta konjunkturoppgang, i andre halvåret serleg. Alle rekna med og spådde dette. Men året vart heller mellom dei tyngste av alle etter krigen — serleg for treforedlingsindustrien. Sagbruka fekk det lettare. Heimemarknaden hadde bruk for last og var sers betalingsfør. Vi fører lite trelast ut or landet, og marknaden for trelast var det lettare enn for skogindustriprodukt elles. Økonomien i skogbruket leid under dette at eksportmarknaden svikta så. Men skogindustrien vår la ned eit imponerande arbeid for å koma ut or krisen best mogeleg. Og dette har han greidd betre enn ein kunne venta, seier direktør Aavatsmark.

SULFATCELLULOSEFABRIKKEN PÅ Tofte.

Planane vart lagt fram for Styresmaktene for 2 1/2 år sidan for ein ny og tidhøveleg sulfat cellulosefabrikk. Skogeigarane kjenner seg utrygge på avsetnaden og prisane i framtida. Og krisa dei er inne i no, gjer uvissa endå større. Denne fabrikken er rekna for å vera viktigaste rasjonaliseringstiltaket i skogindustrien vår på lange tider. Han får og stort verd for papirindustrien. Fire av dei største papirprodusentane i landet er med i utbygginga. Men skogeigarane kjenner seg endå meir utrygge for framtida når det drygest så ut med å få fabrikken reist.

FRILUFTSLIV OG SKOGBRUK

Endå eit år gjekk, der strid og harde ord kom fram i tilhøra mellom friluftsliv og skogbruk. Skogviddene rundt Oslo er serleg i brennpunktet. Frå Miljødepartementet kom framlegg til serlov og fleirbruksplan. Det er å vona at alt enda rimeleg og rettvist til slutt. Men det har utan tvil sett vondt blod mellom partar som alltid samarbeidde før — og bør samarbeida i framtida. Tiltrua til framtida er ikkje sterk nett no, men vi tør likevel vona på betre tider i neste års skiftet, og at dei to sakene nemnde før, er løyste då, sluttar direktør Avatsmark.

FLEIRE OG BETRE HUSDYR I 1976

Det går framover med husdyralet her i landet, melder Landbrukets Sentralforbund. Fleire er med i als-laga for stor fe og svin. Kunstig sedoverføring er meir vanleg, og als-tiltaka elles interesserer husdyrhaldarane meir enn nokon gongfør. Årsoversynet for NRF melder at 427 000 kviger og kyr vart inseminerte siste året. Det auka med 6 000 frå året før. Etter jordbruksteljinga for kyr og kviger vert dette 90% av all fe. NRF dominerer det norske storfe-alet med meir enn 417 000 inseminasjonar. Telemarksfe, Trønderfe og Nordlansfe fekk inseminert nokre hundre. Elles vart 2 600 Jersey-kyr inseminerte. Dei fleste i ymse bygder i Rogaland.

KJØT-FE.

NRF-oksen står på bås ser skilt med tanke på bruksdyr kryssing. Den franske Charolais-rasen vart nytta noko ei tid. Dette minka ned til 6 000 siste året i mot nære 10 000 året før. Grunne var at NRF-alarane fann ut det vart fleire vanskar med kalvinga etter slik kryssing. Og elles kunne ein finna fram til NRF-oksar som nære på kunne tevla med Charolais-feet i kjøtproduksjonen. Så no er «Kjøt-Pluss-oksane» av NRF rasen langt framme såleis.

GRIS-ALET

56 000 vart inseminerte siste året, 8 000 fleir enn året før, og 40% av alle. For nokre år sidan var det berre 10%. Rogaland har flest med 9 075 alspurker.

REKORD I UNGGRISMÆLINGANE.

I alt vart 43 296 dyr mælt i fjor — 15% fleir enn året før. Dette er eit av dei mest verdfulle tiltak i svine-alet. Med å vega ung-dyra, finn dei ut kor snøgt dei veks og legg på seg. Spekklaget mæler dei med ultralyd-apparat. På denne måten finn dei fram til alsdyr som veks snøgt med mykje kjøt og lite spekk — heiter det i meldinga frå Svine-alslaget.

60 000 SAUESLAKT I FÅ HAUSTVEKER

Rogaland Fellesslakteri på Forus kan slakta fleire tusen dyr for kvar veke. Men det vert på langt nær nok. Jamt over et kvar nordmann 4,5 kg sauekjøt i året. Så første sendinga med sauekjøt innført frå Island kom til Bergen alt tidleg i oktober. På Fellesslakteriet går arbeidet greitt unna utan at dyret lid vondt. Ein maskin dreg fellen av. På skulen lærde vi at sauen gjev ull til klede og kjøt til mat. Så rett, så rett! Somme av oss smyg jamvel inni heile sauefellen sauma til jakke — når vinterkjølda bit som best.
HARDANGER Laurdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *