Home>Hardanger>Ymse>Idrett>Idrettshøgskulen norsk rekord med elevar utan røyk
Idrett Politisk Ymse

Idrettshøgskulen norsk rekord med elevar utan røyk

logo NIH
Noregs idretthøgskule logo

Studentane ved Idrettshøgskulen i Noreg har norsk rekord — som ikkje-røykjarar! I oktober no sist fanst berre 9 røykjarar mellom 138 mannlege studentar.
Ferske opplysningar syner at yngre lækjarar, medisinstudentar og NTH-studentar i Trondheim, har stumpa røyken og. Ingen av dei kvinnelege medisinstudentane røykte.
Kjemiingeniør Nerli Orlien fekk stipend frå Landsforeningen mot kreft. Han granska dette og meir til. Han skreiv i Tidsskrift for Den norske lægeforening. Der peika han på at det ser ut som røykevanane er med og verkar på eksamensprestasjonar. Skulelys let sigarettane liggja …. etter resultata ved NTH. Det var færre røykjarar mellom dei som hadde beste karakterar til eksamen artium og.
Dosent Odd D. Vellar skreiv leiar i same tidsskiftet: Helseopplysning om tobakkskadane tek til å gje resultat. Serleg er det folk med god utdaning, god økonomi og høg sosial status som tek til å halda seg borte frå tobakken.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *