Home>Hardanger>Høyreapparata ligg i skuffa
høyreapparat
Hardanger Helse Ymse

Høyreapparata ligg i skuffa

Ein stor del av dei høyrslehemma som er rådd til å nytta høyreapparat, let apparatet liggja i skuffa. Det skortar nemleg mykje på fullnøgjande

høyreapparat
Folk som treng det, har høreapparat i skuffa

tilbod om opplæring i bruk og stell av slike apparat.
Før opplæringsspørsmålet er løyst, vil ikkje Rikstrygdeverket gå inn for gratis høyreapparat til alle som treng eit slikt, slik de t.d. har det i Sverige. Eit høyreapparat kan vera til stor hjelp for den som har nedsett høyrsle. Men det er eit teknisk apparat som aldri kan gje den naturlege høyrsla attende. Det krevst difor trottug og tolsam trening i lang tid for å få utbytte av eit høyreapparat.
Det finst omlag 300 000 høyrselshemma her i landet, og av desse er rundt 3 000 heilt dauve. Høyrslehemming kan vera medfødt eller erverva og det finst i alle aldersgrupper.
Det kan vera ei stor overvinning å vedgå at ein sjølv eller borna ein har, høyrer dårleg. Dersom barnet ikkje byrjar å snakka når det er eitt-to år, skal ein vera på vakt. Det er viktig å få registrert høyrsletap så fort som råd, og foreldra bør difor så snart dei merkar noko slikt hos, borna søkja lækjar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *