Home>Hardanger>Hovland Ullvarefabrikk godt nøgd med drifta i 1976
Hardanger Ullensvang Ymse

Hovland Ullvarefabrikk godt nøgd med drifta i 1976

Ullvarefabrikken på Hovland. Januar 1977
Bilete av Ullvarefabrikken på Hovland. Januar 1977

Me er stort sett godt nøgde med resultatet av drifta i 1976, seier direktør Kristian Hygen til «Hardanger». Me har hatt full drift og bra omsetnad. Men me er noko ottefulle for dei høge løns- og kostnadsutgifene som berre ser ut til å auka meir og meir.
Me ville helst produsera for den norske marknaden. Men den er diverre for liten. Noreg har ein god tradisjon å byggja på når det gjeld garn og strikkesaker. Eg trur det er denne sterke tradisjonen og det kvalitetsmedvet. folk har som gjer at me greier oss så bra, når andre i vår bransje har store vanskar.
Det er og utan tvil dei same årsakene som gjer at me greier oss så bra i utlandet. Om lag 2/3 av produksjonen vår går ut av landet. Me er sjølvsagt glade for at me får selt så mykje til utlandet. Men me legg stor vekt på å forsyna den norske marknaden. Me prøver å skaffa garn av alle typar og at det skal vera ferdig til levering til kvar tid.
På spørsmål om korleis direktør Hygen ser på framtida, svarar han at han trur det framleis skal gå bra. Me vil halda fram etter den lina me har fylgd i det siste. Eg ser inga direkte endring i biletet nett no. Sjølvsagt har me vanskar, og nye kan dukka opp. Men eg trur styremaktene ser dei og skjønar kva verknad det kan verta for slike verksemder me driv, og dermed ta åtgjerder som kan hjelpa oss over kneiken. Men til no har me greidd oss. Me satsar på full drift heile 1977. Det er heilt klårt, sluttar direktør Hygen. Talet på tilsette ved Hovland Ullvarefabrikk har auka den siste tida. Det er no kring 110 personar i arbeid i verksemda som er den største i Ullensvang. Omlag 60% av arbeidsstyrken er kvinner. Me har inntrykk av at H.U. er ein god arbeidsplass, og at arbeidsfolket likar seg godt der. Me er glade for det går godt med verksemda i ei tid då så mange må leggja ned eller seia opp arbeidarar. Me ynskjer Hovland Ullvarefabrikk lukke til i det nye året.
HARDANGER Lørdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *