Home>Hardanger>Eidfjord kommune>Har ikkje Eidfjord lastebilar til småtransport?
Eidfjord kommune

Har ikkje Eidfjord lastebilar til småtransport?

Er det ingen lastebileigarar i Eidfjord som har bilar som kan nyttast til anna enn anleggstrafikk? Det var Jon Sirnes som tok opp dette spørsmålet då Eidfjord kommunestyre handsama saka om oppattnying av drosje og lastebilløyva i Eidfjord. Han viste til at det er nesten uråd å få lastebilar til småtransportar.
Dei som har lastebilløyve er antan opptekne med anleggskøyring eller dei har ikkje bilar som er høvelege. Han lurte på om ein ikkje skulle ha eit tillegg i tilrådinga frå formannskapet. Han sette fram tilleggsframlegget: der det heitte at alle som får lastebilløyve oppattnya har det utstyret som er turvande til alle sortar transport,og at dei tek alle mogelege oppdrag for folka i Eidfjord.
Helge Lægreid (Saml.)
var samd med Sirnes og viste til at det om våren og hausten kan vera umogeleg å få tak i høvelege bilar i Eidfjord som kan nyttast til krøtertransport.
John Myklatun (Saml.)
trudde ikkje at eit slikt framlegg ville vera til så stor hjelp for den situasjonen som ein av og til kan ha i Eidfjord.
Anved Myklatun (Ap)
kunne ikkje vera med på tillegget som Sirnes sette fram og viste til at det i dag er bilar i alle storleikar som kan ta seg av småtransport.
G. Stelro peika på at det frå Lastebilsentralen vert hevda at det vert alt for lite køyring på dei som er i dag og ein burde difor ikkje låsa fast dei løyva ein i dag har berre til bestemte transportar.
Lars K. Myklatun (Ap) sa at han ikkje hadde venta av Sirnes at han ville ta opp eit slikt til leggsframlegg når ein på gruppemøte hadde gått samla inn for tilrådinga frå formannskapet. Han oppfordra difor resten av gruppa til å røyste mot fram legget.
John Sirnes svara i ein replikk til L. Myklatun at han stod på framlegget sitt då han viste at dette med å skaffa bil til småtransport er eit stort problem for mange.
J. Sirnes sitt framlegg fekk 5 røyster.
HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *