Home>Hardanger>Ymse>Politisk>Funksjonshemma og arbeidslivet: Særleg vanskeleg i utkantstroka
NAV Logo
Politisk Ymse

Funksjonshemma og arbeidslivet: Særleg vanskeleg i utkantstroka

—Det er spesielt dei funksjonshemma i utkantstrøk som har problem med å få arbeid, sa attføringskyndig rettsmedlem i Trygderetten, Sol Seim, på ein pressekonferanse. Ei undersøking viser at omtrent halvparten av dei som får uføretrygd heller ville arbeide dersom dette hadde vore mogleg, skriv Nynorsk Pressekontor.
—Men vi veit jo at det mange stader i landet er svært vanskeleg å få arbeid, og dette gjeld ikkje berre dei funksjonshemma, sa Sol Seim. Sjølvsagt kan ein flytte til ein annan stad for å få arbeid, men dette kan ofte vere problematisk. Mange unge flyttar gjerne, men for dei som er litt opp i åra ville det ofte bli ei for stor sosial påkjenning. Kvart tilfelle må bli behandla for seg, og det er derfor svært vanskeleg å seie noko generelt om kven som får og kven som
ikkje får uføretrygd, forklarte Sol Seim.
Det er mange som ikkje kjenner til krava for å få uføretrygd. Ein skal vere 50% ufør, og først skal det også undersøkjast om attføring er mogleg.

NAV Logo
NAV Logo

—Etter mi meining går altfor lite pengar til attføring samanlikna med uførepensjonen, hevda Sol Seim. I 1976 blei det løyvd tre milliardar kroner til uføretrygd, og 473 millioner kroner til attføring. Av pengane til attføring gjekk 106 millionar til verna bedrifter. I Sverige er dei komne mykje lenger enn oss på dette området. I Noreg er det 72 verna bedrifter, men dette er langt frå nok når vi tenkjer på det langstrakte landet vårt, sa Sol Seim.
Attføringsprosessen tek lang tid, for den enkelte må tilpasse seg ein heilt ny sosial situasjon. Talet på funksjonshemma aukar, ikkje minst på grunn av alle trafikkulykkene. Omtrent 1/3 av dei som får uføretrygd har psykiske vanskar, og dette gjer ofte attføringsprosessen endå vanskelegare.
—Personleg meiner eg at ein burde gå bort frå ordet uføretrygd, og kalle det førpensjonering. Det er mange som ikkje likar å bli kalla ufør, og det kan vere fordi det er mykje snakk om misbruk av uføretrygda, sa Sol Seim. Formannen i Trygderetten, Sigurd Birkelund, peika på at det er viktig med ei holdningsendring når det gjeld dei funksjonshemma. Enkelte føler seg pressa av arbeidskameratar til å slutte fordi dei føler at dei ikkje maktar å arbeide så mykje som dei andre. Sjølve likar dei ofte å arbeide, så det vi må gjere er å skape ei anna holdning til dei funksjonshemma på arbeidsplassane, sa Sigurd Birkelund. (NPK)
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *