Home>Utgjeve>1977>Fruktavlinga over medels i fjor – Tregt sal etter jol
Eple sel tregt
1977 Hage/dyrking Hardanger Januar Ullensvang

Fruktavlinga over medels i fjor – Tregt sal etter jol

Hardanger Fruksamsal på Grimo seier til «Hardanger» at det etter leveringane å døme har vore over normalår i fjor for

Eple sel tregt
Eple sel tregt

Gravenstein og pærer, mindre for Prins og for Torstein eit normalår. Kvaliteten har vore god og frukta har halde seg godt, truleg det kalde veret å takka. Samsalet fekk ut mest all frukta før jol. Det var god etterspurnad, og med den store pakkekapasiteten me har, hjelpte det godt til at me fekk frukta ut i god tid. No er det berre eit lite parti
Torsteinseple på ca. 2 tonn på lageret. Ullensvang fruktlager har inntrykk av at avlinga i fjor har vore litt over medels for alle fruktslaga, jordbær har det vore noko mindre av enn før. Dei har i dag omlag 3 tonn eple på lager. Av dette reknar ein med å få levera 7 tonn før importen opnar 1. februar. Etter eit svært godt sal utetter hausten merka ein stagnasjon fyrst i desember då Torsteinsepla kom på marknaden. Etter jol har avgangen vore svært treg.
HARDANGER Laurdag22. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *