Home>Hardanger>Ymse>Frå dag til dag – HARDANGER Laurdag 12. januar 1977
Ymse

Frå dag til dag – HARDANGER Laurdag 12. januar 1977


Glatte vegar i Sørfjorden
Lensmennene i Ullensvang og Odda seier at det har ikkje vore alvorlege uhell på vegane. Stort sett har trafikken gått fint, men ein del småkollisjonar har det vore. Det ser ut til at somme bil førarar har vanskeleg for å til måla farten etter føret. Kunne dei det, ville mange uhell vore spart.

 

Ein oversikt syner
at det pr. 31 desember var 3.9 innbyggarar pr. personbil i Norge. I Hordaland er det på same tid 5.5 personar pr. bil. Berre Finnmark fylke hadde ferre personar pr. personbil.

Th. Sandvins legat For 1977

skal rentene av Th. Sandvins legat nå delast ut til ungdom som er fødd i Odda kommune og som tek praktisk eller teoretisk utdanning. Under elles like vilkår skal slektningar av legatskiparen ha førerett til tildeling. Søknader med opplysningar om kva rentemidlane skal nyttast til, og om ev. slektskap med legatskiparen kan ein senda til Odda skolestyre, Boks 220, 5751 Odda innan 1. februar 1977.

Skolesjefen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *