Home>Utgjeve>1977>Frå dag til dag 22 januar 1977
Hardingfela er eit kunstverk
1977 Januar Kultur Politisk Skule Ullensvang Ymse

Frå dag til dag 22 januar 1977

Ny poststyrer på Hovland
Poststyrevikar Ragna Kvalnes er tilsett som poststyrar ved Hovland postkontor C. Ho tek til i stillinga 1.1-77.

 

Kven har vunne?
Frå Kinsarvik frettar me at Vestlandske Blindeforbund sitt lotteri har kome ut med ein hovudgevinst på eit lodd som er seld i Kinsarvik. Loddet er ikkje på mindre enn eit heilt Block-Watne-hus. Då me fekk meldinga hadde enno ikkje vinnaren meld seg. Dei meinte at loddet skulle Vera nr. 99 696.

 

Hordakappleiken 1977

Hardingfela er eit kunstverk
Hardingfela er eit kunstverk
Foto:Olav Nyhus

I tida 25.-27. mars vert det skipa til kappleik i Gimle i Bergen. Laurdag og sundag vert det vanleg kappleik i spel, dans og kveding. Hardingfele og vanleg fele, men ein har og i tankane eit kulturprogram fredag kveld, dette som avslutning på Vestlandske Bondestemna. Hordakappleiken er ein kappleik som sirkulerer mellom Voss, Hardanger og Bergen. Påmeldingsfrist er sett til 1. mars, og ein ber om (for programmet si skuld) at påmeldingsfristen verthalden.
Innmelding skjer til Olav Bjotveit, Veslefrikkvn. 17, 5033 Fyllingsdalen, (tlf. 160688) Velkomen til kappleiken.
Helsing Hovudnemnda for Hordakappleiken

Eksamen i Kinsarvik
Onsdag 19. januar og mandag den 24. jan. er det lærarane som sit ved eksamensbordet i Kinsarvik. Dei skal opp til grunnfageksamen i samfunnskunnskap med vekt på historie. Det kurset som no sluttar av er eit universitetskurs i samarbeid med Bergen lærarskule. Kurset har gått over to år. Studentane, er lærarar frå Indre Hardanger. Dei fleste har hatt full post ved sida av studiane. Dei har møtt til førelesingar i Kinsarvik dei fleste fredagar og laurdagar i skuleåret. Til eksamen i dag fekk dei desse oppgåvene å velja mellom:
1. Tilhøvet mellom kongemakt og kyrkje i Noreg i andre helvta av 1100-talet (til og med 1202) eller
2. Drøft årsaker til 1. verdskrigen. eller
3. Gjer greie for tilhøvet mellom Sovjetunionen og vestmaktene under 2. verdskrigen, og drøft i kor stor monn utviklinga under krigen og dei direkte følgjene av den kan forklare det spente til høvet som voks fram mellom aust og vest etter verdskrigen.

Kurs i kommunaløkonomi
Norske kommuners Sentralforbund vil i tida 24. til 26. januar d.å. halda eit kurs i kommunal økonomi på Ullensvang Hotel. Kurset er eit prøvekurs, og-ein vil seinare skipa til liknande kurs i alle fylka i landet.
Målgruppa for kursa er ordførarar, formannskapsmedlemer og i noko grad formenn i kommunale råd og styre. I alt vil det vera med 52 frå herada i Hordaland.
Kurset vil gå igjennom ei kurshandbok som er laga for høvet. På kurset vert det halde foredrag over: Kommunane sin plass i norsk økonomi, kommunane sine finansierings- og driftsinntekter, budsjettkontroll og rekneskap med langtidsbudsjettering av langtidsplanlegging. Det er sett av mykje tid til panel- og plenumsordskifte der deltakarane kan skifte syn og røynsler når det gjeld kom munalpolitiske spørsmål. Foredragshalarane vil vera med under heile kurset for å svara på spørsmål, vera med i samtalar og gje råd.

Vestlandsbanken utvidar aksjekapitalen
På luteigarmøte i Vestlandsbanken er det vedteke å utvida aksjekapitalen med 14,2 mill. kr. frå 42.6 til 56.8 mill. kr. ved offentleg teikning av 142 000 nye aksjar kr. 100,-. Sist aksjekapitalen vart auka gjennom offentleg teikning var våren 1975. Bakgrunnen for utvidinga er banken sin vokster og forretningsbankloven sitt minimumskrav til eigenkapital. Banken har fått fleire nye kontor sidan sist, m.a. i Oslo, ved fusjon med Oslo Nye Spåreband i desember 1975, og i Hardanger, ved fusjon med Ullensvang Privatbank i mai 1975. Tre gamle aksjar vil gje rett til teikning av ein ny aksje til pari kurs. Teikningstida vert i slutten av februar, og innbetaling for nye aksjar skal finna stad innan 30. april 1977. Aksjane får fullt utbyte for rekneskapsåret,1977

Kristne møte på Lofthus
Kvar kveld frå i morgon onsdag 26. januar til sundag 30. januar talar vaktmeister Nils Valland på Opedal skule kl. 1930. Valland er vaktmeister på Lundeneset handelsskule i Ølen. Denne skulen høyrer til Norsk Luthersk Misjonssamband som er ein friorganisasjon innan den norske statskyrkja. Misjonssambandet vart stifta i 1891 med tanke på misjon i Kina, Misjonssambandet har i dag arbeid i Etiopia, Japan, Tanzania, Hong Kong, Taiwan, Kenya og Indonesia. Omlag 450 misjonærar er i teneste knytta til Misjonssambandet.
Også i Noreg driv dei aktivt. Omlag 200 forkynnarar arbeider i sambandet med dei ca. 4200 foreiningane for barn, unge og vaksne og ved 25 ungdomssentra. Ved misjonens 14 skular (folkehøgskular, bibelskular, handelsskular, gymnas og ungdomsskular) går det omlag 1600 elevar. Misjonssambandet driv Norea Radio som sender evangeliet på dei fleste europeiske språk. I år har misjonssambandet eit budsjett på 41 millionar kroner.
P.L.
HARDANGER Laurdag22. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *