Home>Utgjeve>1977>Frå dag til dag – 19 Jan 1977
Odda Kykje
1977 Hardanger Jondal Kvam herad månad Odda Kommune Ullensvang Utgjeve Ymse

Frå dag til dag – 19 Jan 1977

MANDAG KVELD var det to ambulanseflygingar til Odda med helikopter. Den eine var ein skadd mann etter ei arbeidsulukke i Mauranger, medan den andre var ein sjuketransport frå Odda til Bergen.

MISJONÆR AGNAR ESPEGREN
ber om støtte til sitt arbeid blant skolebarn og narkomane i Hong Kong. Mange er blitt hjulpet, men behovet for hjelp er fortsatt enormt.
Vil du og dine fremdeles være med å støtte Agnar Espegrens arbeid som den barmhjertige samaritan i noen av Østens verste slumstrøk, kan du sende din gave til Res. kap. Olav Kr. Strømmes minnestiftelse, Hong Kong aksjonen, postboks 435, 4601 Kr.sand. Postgiro 392 22 26.
Bankgiro 3000.63.23614.
Formann i rådet: Biskop Erling Utnem.

BEDEHUSET
Møte torsdag den 20. kl. 19,30 v/misjonær S. Mikkelsen. Song.
Fredag den 21. kl. 19,30 v/ misjonær S. Mikkelsen. Song av Misjonsmusikken.
Alle velkomne.
N.M.S.

Ullensvang Legedistrikt
Dr. Holme er innkalt til militærtjeneste i tidsrommet 20/1-30/4-77.
Kontordagar Lofthus:
Mandager Dr.Holen første gang 31/1-77.
Onsdager Dr. Sjursen første og annen onsdag i mnd.
barnekontroll til kl. 12,00, fra 12,30 pasienter.
Torsdag Dr. Sjursen.
Timebestillinger henv. fru Holme tlf. 1312 eller 1311 Lofthus.
Dr. Sjursen blir i Eidfjord til 30/4 -77 da det ikke har meldt seg søkere til den nye distriktslegestillingen.
Eidfjordkontoret stengt onsdag og torsdag. Ingen kontordag på Utne mandager. Vakthavende lege i helgene henv. telefonsentralene.

LOTTERIGEVINST
Nytt stereoanlegg: radio/kasettspelar/opptakar m/to høgtalarar, merke Philips, tilsals for kr. 2.500, Hardanger Songarsamskipnad, Valter Osmo, 5797 Utne.

KONSERT
Norheimsund og Øystese ungdomskor, Øystese, Norheimsund, Vikøy og Steinsdalen apirantkor (ca. 200 sangarar) sundag 23. januar
Jondal kyrkje kl. 11,00 Utdrag av jolekonserten «Den store Kongen». Elles korsong ved ungdomskoret og aspirantkoret. Andakt — VELKOMMEN.
Kollekt ved utgangen

Formiddagskonsert i Odda kyrkje
Komande laurdag føremiddag får me den første kyrkjekonserten i vårsemesteret. Songkoret Samklang syter

Odda Kykje
Odda Kykje

for dei songlege innslaga i programmet under dirigenten sin, Ingvard Leivestad. Som «debutant» på føremld dagskonsertane får me denne gangen høyre Harald Knutsson. Han er solist i to barokkstykke saman med orgel. Trygve Danielsen spelar orgel. Det er som vanleg fritt til gjenge, og konserten varer omlag 50 min. Sjå lysingannan stad i bladet.

UNDERVISNING ODDA OG TYSSEDAL
Ledige plassar på Kursa: Treskjering Barnetøy. Krotekake. Fransk 1 Start 1.
Påmelding snarest i tlf. 41290 mellom kl. 15,30 og 17,00.
Friundervisninga.

Hundehald 1977
Alle som vert eigar av hund i 1977 pliktar å melda det hertil innan 8 dagar og betala avgift. Dei som høyrer til Ullensvang herad betaler til heradskasseraren i Ullensvang og dei som høyrer til Eidfjord herad betaler til heradskasseraren i Eidfjord. Hundar som er innmeldte tidligare treng ikkje meldast på ny då dei utan vidare vert overførde til neste år.
Avgifta pr. hund er kr. 75,- pr. år. Avgifta må vera betalt seinast 1. mars 1977.
Alle hundar skal ha halsband merkt med eigaren sit namn og adresse og eit merke som vert utlevert frå heradskasseraren når avgifta er betalt. Om ein hund vert avliva eller byter eigar, må det meldast hertil. Dei som ikkje gjev melding som nemnd, kan verta straffa for det.
Ullensvang lensmannskontor, Kinsarvik 14. januar 1977.
J. Vikane.

Krossvoll kino

har i dag to ekstra filmframsyningar med Bør Børson 11. Det vert som vanleg filmframsyning i morgon, torsdag også. Sjå elles lysing annan stad i bladet.

«Terror i Villmarken»
byggjer på ein av Jack London sine kjente villmarkshistoriar. Året er 1903. Staden er Alaska, endelause, snøkledde fjellvidder dannar bakgrunnen for menn på jakt etter GULL.
Bill Robin er ikkje ein av dei. Han er ein dyktig pelsjeger og grier seg bra med jevnt arbeid. Ein som er misunneleg på bill er Mike Williams og dei to har eit realt oppgjer i saloonen i landsbyen. Seinare vert Mike funne død i Bill sin hundeslede.
I «lykkens leir» som den vesle byen heiter er vi vitne til mange dramatiske scener når «Tornado Kid» og gjengen hans rir inn i byen. Eit liv er ikkje mykje verd for dei. Gambleren Jack Harper vert lova 3 tusen dollar om han kan finna den som drepte Mike død eller levande. Han dreg ut i fjella for å leita etter Bill som vert skulda for å ha drept Mike.

BØR BØRSON II
Olderdalens største og vakreste millionær på nye eventyr. I Olderdalen sit Bør som den store herskaren etter eit par nye tilfeldige suksessar. Aret er 1925

Bør Børson II
Bør Børson II

då ein opprivande Grønlandsstrid har fått nasjonalfølelsane til å blussa opp over heile landet. Bunader og treskurd, Harald Hårfagre og Ivar Aasen er i skotet. Også norskdomen grip fat i Bør og han krev at den ærverdige avisa «Olderdalens Budstikke» skal døypast om til Gjallarhorn. Dei tilsette på Olderstadir vert skulda for å vera «sluntrebøler». Eg veit ikkje kva det tydar, men det let glidt» seier Børson. Alle skal etter beste evne leva opp til Bør sitt motto: «Hugs å tilstreva det nasjonale i målstrev, klesdrakt bunad og nasjonal sparsomheit» Og maten skal vera kefir og lefse og dravle og kvafsle til så vel frukost som kekveld. Filmen vert syntonsdag.

Odda Kino

Han heitte Santee. Dei fleste der vest visste av han, og var redde han. Han veida etter lovlause som samfundet sette opp finnarløn for — levande eller daude. Men få visste om det som dreiv Santee så hardsett fram. Før var han sheriff, og levde lukkeleg i lag med Valerie og den 10 år gamle sonen.

Santee - plakat
Santee – plakat

Ein dag kom Banner og banden hans over dei. Sonen vart drepen, og sjølv vart han hardt såra. Santee kom seg, men sa opp tenesta som sheriff. I mellomtida kom Banner seg unna. No kom det ei merkeleg uro over Santee kvart år. Han spente revolverbeltet på, og for sin veg frå ranchen. Han vart borte i fleire veker. Men både Valerie og venen, arbeidsformannen John Crow, visste kvar han heldt til, og kva han dreiv på med: Han jaga fredlause for å sløkkja elden i hjarta etter sonen vart drepen. På ei slik ferd skaut Santee Deake, ein fredlaus, og to av venene hans. Jody, den unge sonen til Deake kom frå revolverduellen med livet. Han svor hemn, og slo lag med Santee. Santee sa: «Eg vil helst ha deg framfor meg, så eg kan sjå deg». Jody lova Santee at all oppgjerd mellom dei seinare skulle ikkje gå for seg på eigedomen hans. Jody fylgde med heim til garden og møtte Valerie. Jody vaks så opp heime hos dei. Revolveren lærde han å bruka til fullnads — av mannen han hadde svore å ta livet av. Men Valerie og Santee fekk meir og meir godt for guten, smått i senn tok han romet etter sonen dei miste for fleire år sidan. Banner og banden hans kom att, og sheriff Carter drap dei . Santee lova Valerie før at revolveren skulle hanga på veggen berre, og for alltid. Banner drog sin veg trygt utan at Santee løfte ei hand. Men Jody kom beint bort. John Crow fortalde for lenge sidan til Jody det som hende med sonen til Santee. No skjøna alle at Jody la i veg for å hemna drapet på guten. Men det måtte bli ein ulik strid mellom urøynde Jody og den drivne dreparen Banner. Santee tok revolvarane ned frå veggen og kasta seg på hesten. Han nådde att Jody. Dei reid i lag inn i småbyen. Der spreidde Bannerbanden død og øydeleggjing før dei steig inn i vertshuset. Whiskyen fløymde fritt. Lagnadstimen var inne, det visste Santee no. Han og Jody gjekk i lag mot Banner. Tre revolverar sprøytte eld frå vertshuset. Tidleg morgonen etter rullar ei vogn seinleg innpå tunet. Valerie og John Crow ser ikkje for vel kven som held i taumane i halvmørkret. Men dei ser alt for tydeleg at bakpå vogna står ei kiste av tre…

Shampoo
Filmen nådde toppen i meldingane etter premieren både i USA og England. Dei som melde filmen og folk flest, var samde i dette for ein gongs skuld. Filmen syner noko av det søte liv i Hollywood. Bakgrunnen er valkampen Nixon og Agnew dreiv med i 1968. Men det vert og skjemta med mangt anna på det politiske planet. Damefrisør George er sers populær, og pendlar mellom frisørsalongen og heimane hos kundar — på motorsykkel: filmstjerna Caldee Havn, Julei Cristie, kona til Hollywood-kaksen Lester og veninna hans Lee Grant. Og elles så mange som mogeleg på same tid, for å få pengehjelp til å driva eigen salong. George held seg til vens med dei alle — kvar på sin måte — utan at dei veit om kvarandre. Komedien krinsar for det meste om desse og krinsen rundt dei. Hal Ashby er regissør. Han gjorde de storveges med «Siste teneste». Robert Town (Siste Teneste) og Warren Beatly laga manuskriptet. Musikk: Paul Simon frå vidgjetne Simon & Garfunkel.

 

RETTING RETTING
I førre nummer av «Hardanger» stod det at Kåre Lutro er formann i Ullensvang Hagebrukslag. Det er ikkje rett. Prå 1. 11. 76 er Torgils L. Jåstad formann. Likeeins stod det at Lars Bleie er formann i Ullensvang Venstrelag. Det er Nils Magne Aanensen som er det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *