Home>Hardanger>Faneberar med tre bøker
Astrid og Bjarne Slapgard
Hardanger

Faneberar med tre bøker

Dette vesle diktet av Bjarne Slapgard klypte eg ut or «Folket» i dag. Det var so likt Slapgard, å seia det han vil ha sagt so klårt og endefram og greitt. Og eg kom til å tenkja på kona hans, Astrid Hamnes Slapgard, som i eit innlegg på landsmøtet i

Astrid og Bjarne Slapgard
Astrid og Bjarne Slapgard har gjeve ut «Langs livsvegen»

Noregs Mållag for nokre år sidan tala om skaden som ei stor industriverksemd hadde gjort i eit lite bygdesamfunn.
«Det øydelegg lufta for os. Det øydelegg havet. Og dei øydelegg målet vårt!»
Og dette var i dei åra då sansen for reint vatn og rein luft ikkje hadde vakna endå hjå dei fleste. Då bygdene skulle vera takksame for arbeidsplassar, og gje løyve til utslepp av både eitt og hitt for at verksemdene ikkje skulle fara derifrå. Dette har betra seg noko.
Men sansen for målet og kravet om at det skal vernast, har ikkje vakna enno. Korkje folk i bygda der verksemda ligg, eller arbeidarane som held verksemda i gang har teke til å krevja at verksemda skal bruke deira mål. Det er eigarane og disponentane som fær lov til å avgjere målet og spreie sitt mål, same kor mykje bygdemål og kultur vert sett til side. Men ho Astrid og han Bjarne har sett det. Og dei har sagt frå, i taler og samtaler og i mange bøker.
Men ho Astrid døydde i sumar. Men ho lever vidare i tankane og kjenslene til mange. Og eit fint minne har han Bjarne reist henne i den eine av dei tre bøkene han gjev ut i år. Det er ei minnebok om dei to, heimen og borna deira, arbeidet dei gjorde saman, interessene dei hadde og ideala dei arbeidde for. Ei sterkt personleg og triveleg bok, med bilete, med dikt, songar og tonesetjing. «Du er min neste», heiter den romanen som Bjarne Slapgard gjev ut i år. Det er om krefter i menneskesinnet, gode og vonde krefter som dreg i ulik lei. Desse kreftene finst i alle menneske. Forfattaren fær fint fram mønsteret, korleis både dei gode og dei vonde kreftene vert styrkte når dei møter krefter av same slag hjå andre menneske, og korleis dei vert nøytraliserte når dei møter krefter av motsett slag. Det vert mange slags menneskelagnader ut av dette. Det vert dramatiske hendingar og store vanskar for dei personane han skildrar. Slapgard har noko han vil ha sagt i bøkene sine. Bodskapen kjem klårt fram og lesaren slepp ikkje unnan.
Ein må ta standpunkt sjølv til det som personane i boka strir med. Det er ikkje alltid lett, men klårgjerande og godt for alle å setja verdisystemet sitt på prøve i fantasien før sjølve livet kanskje tvingar ein til det. Den tredje boka Bjarne Slapgard har gjeve ut i år, er ei barnebok. Den har ikkje eg lese, men ut frå mitt kjennskap til forfattaren, skulle eg tru at ho er vel verd å lesa.

Astrid og Bjarne Slapgard: Langs livsvegen – Rune forlag
Bjarne Slapgard: Du er min neste. – Ansgar forlag.
Einfrid Grønvik i «Halldølen»
HARDANGER Lørdag 15. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *