Home>Hardanger>Ymse>Dikt>Fagforeiningen
Fagforeiningen
Dikt Hardanger Politisk Ymse

Fagforeiningen

Den tida «Fagen» rådde her åleine
og dreiv eit to-tre øres streikespel,
han gjorde samfunnet so mang eibeine,
og sette grenser for eit sveltihel.

Fagforeiningen
Fagforeiningen

Men no når alle har ein fag i baken,
og alle krev si sosiale prakt,
no herjast tida av den leie haken at alle prisar stig i same takt.

Når du har streika litt for eigenbaten,
og pressa gjennom dine nye krav,
då aukar prisane på kle og maten,
for me har kjelder – ikkje botnlaust hav.

Du starta opp med småe krav og pirkel,
og var ein ærendsgut for nye hint,
no er du fanga i den vonde sirkel,
og valsar hjelpelaus i labyrint

Du kan kje kvista av på høge prisar,
men lyt ta fylgjer av for godt betalt.
Når ingen kan punktera nye krisar
lyt me ta skaden, kroppsleg og mentalt.

Ein hund kan aldri bita tak i halen
so lenge han lyt snurra rundt i dans.
Men når han sluttar med springa galen,
legg haledusken seg i kjeften hans
L.Ø.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *