Home>Hardanger>Eilev Eitrheim 60 år.
Hardanger Odda Kommune Politisk Ymse

Eilev Eitrheim 60 år.

Gardbrukar Eiliv Eitrheim, Odda, er fødd 22. januar 1917 og fyller såleis 60 år komande laurdag.
I 250 år hadde slekta site som odelsbønder på garden, og Eiliv var fødd som odelsgut til ein av dei finaste, beste og mest veldrivne gardane i Odda herad. Det var og gardbrukar og fruktdyrkar han skulle bli. Difor gjekk han jordbruks- og hagebruksskule. Men han gjekk og både folkehøgskule og handelsskule.
Han var berre 21 år då far hans døydde, og han måtte ta ansvaret. Og det skulle snart bli større enn nokon kunne tenkja seg i 1938.

Gardbrukar Eilev Eitrheim, frå Odda
Gardbrukar Eilev Eitrheim, frå Odda

I 1940 kom krigen, og i 1941 kasta tyskarane seg over Eitrheim. Dei skipa A/S Nordag, gjekk laus på Eitrheim, jaga folket frå garden, raserte dei fine åkrane og engene med bulldozarar og moka mykje av matjorda på sjøen. Dei fundamenterte svære fabrikkhallar som dei året ettertok til å riva att, og våren 1943 sa dei takk for seg etter at det meste av dyrka jord var forvandla til ørken. Folket fekk då flytta helmatt og «leiga» ruinene av meir enn 1000 års kulturarbeid.
No kunne ein ha venta at ein ny dag rann også for Eitrhelmsbøndene 8. mai 1945. Men då forrekna dei seg på det norske avviklingsstyret i A/S Nordag. Det skulle gå 9 år før dei atter vart herrar i eige hus og det var Eiliv Eitrheim som måtte føra denne kampen, sidan hans bruk var utteken til prøvesak. Avviklings styret påstod at bøndene på Eitrheim hadde selt gardane sine friviljug, og difor hadde dei ikkje krav på å få dei att. Avviklingsstyret tapte saka for den eine instans etter hin, men gav seg ikkje før dei i 1954 også tapte for Høgsterett og måtte svara sakskostnad for alle rettar.
Ein kunne ottast at det ville ta motet frå ein ung arbeidsglad mann å lota kjempa i 9 år for sin solkelåre rett. Men det heller stålsette han, og ein ting er sikkert det var ein lærerik føreskule til alle dei kommunale og offentlege oppdrag han seinare har vorte pålagd. I yngre år var han elles og mykje med i ungdomsarbeidet i Odda, såleis formann i Odda Ungdomslag.
Etter han omsider vart herre over sin eigen gard, nytta han ut det som var att til fruktdyrking og skogplanting.
Me som kjende Eiliv Eitrheim visste at han var ein «comming man», Han vart tidleg pålagd kommunale oppgåver, og han vart innvald i kommunestyret i 1947. Men i 1951 tok han ikkje mot attval. Han grunngav det med at han ville halda seg utanfor til Nordag-saka var opp- og avgjord, og det skulle ta lenger tid enn nokon då tenkte. Først i 1962 kom det til endeleg oppgjer. I medan hadde Eiliv også i denne bolken ikkje så få kommunale tillitsyrke, såleis var han med både i likningsnemnd og likningsråd.
I 1967 kom han atter med i kommunestyret, der han framleis sit, der han straks fekk ein sterk posisjon, takka vera intelligens, innsikt, allsidig røynsle, sikker vurderingsevne, rettlina karakter og ein lun, stillferdig og human debatteringsmåte. Som den realpolitikar han er, tek han alltid eit sakleg standpunkt til problema.
I førre periode var han medlem av formannskapet. Og dei fleste rekna vel med at han var sjølvskriven førar for den såkalla borgarlege opposisjonen i formannskapet, serleg sidan medrepresentantane for det meste var kommunalpolitiske noviser. Likevel hende det uskjønelege at Høgre, Senter partiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre gjekk saman om å halda han utanfor formann skapet. Ein kjend utanbygds j politikar kommenterte dette : slik: «Ja, då må Odda vera rik på politikarar!» Diverre er ikkje det tilfelle.
Den som smilte til heile komedien, var Eiliv Eitrheim. Han er ingen politisk strebar. Men han har teke på seg dei oppgåver han har vorte pålagd, og dei har etter kvart vorte så mange at han gjerne gav avkall på det byrdefulle formannskapsvervet.
No trur eg ikkje at Eiliv Eitrheims innverknad i kommunestyret og kommunepolitikken er vorten mindre etter dette intermesso, og han sit framleis i fleire av dei viktigaste råd og utval. Han har og fylkeskommunale oppgåver, er såleis formann i fylkets friluftsnemnd, og han har vore mykje med i politisk arbeid også på fylkesplanet, tidlegare i Venstre, og etter skismaet på Røros, i Det nye Folkepartiet.
Når han no laurdag rundar 60 år, så vil nok mange senda han gode ynskje og leggja til: Hald fram som du stemner, 60 år er ingen alder i våre dagar!
O.K.
HARDANGER Onsdag 19. januar 1977

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *