Home>Hardanger>Ymse>Eidfjord vil samarbeida om skogsdrift
Ymse

Eidfjord vil samarbeida om skogsdrift

I eit skriv frå 6 gardbrukarar på Bu ligg det føre eit skriv der dei ber Eidfjord om å gå inn for eit samarbeid med Ullensvang om sams skogreisningsleiar. Skogen er ein vesentleg del av inntekta deira og dei er svært nøgde med ordninga dei har i dag.
Det nye kommunestyret i Eidfjord hadde dette oppe til handsaming på møte tysdag og ein vedtok at for året 1977 vil ein ta opp tingingar med Ullensvang for å få eit samarbeid om skogreisinga. I innstillinga frå formannskapet var det eit tillegg der det heitte at Eidfjord finn at tilskotsprosenten ikkje kan vera meir enn 10 prosent av netto utgiftene, avgrensa opp til 25 000 kroner. Men etter framlegg frå John Sirnes vart dette teke bort. Samson Instanes var glad for at ein ville gå inn for ei slik ord ning, men han meinte at dette spørsmålet burde verta teke opp i samarbeid mellom jordstyret, skogrådet og heradsskog meistaren og ikkje at det berre er ei oppgåve for jordstyret slik det var nemnt i sakshandsam inga frå formannskapet.
John Sirnes grunngav sitt framlegg med at skogsdrifta har lite å seia for næringslivet i Eidfjord og trudde då at det ville verta nokså dyrt for kommunen om ein skulle setja av ein sum på 25 000 kroner til dette formålet.
Samson Instanes meinte at det ikkje ville verta så dyrt då han viste til at det er fleire enn berre desse 6 på Bu som har sendt skriv til kommunen, som driv skogsdrift. Og summen på 25 000 kroner skulle berre vera ei rettesnor for dei som skulle forhandla med Ullensvang om ei mellombels samordning. Han kunne for sin del tenkja seg å setja 20 000 kroner i staden. Edmund Kvåle var samd med S. Instanes om at ein burde få ei ordning sjølv om det berre er få som nyt godt av den. Ein må også tenkja på at lauvskogen har mykje å seia for Vestlandet. Framlegget til Sirnes vart vedteke mot 1 røvst. Det vart vidare vedteke at ein som mellombels ordning bør få samarbeid om tenestefolk ved jordstyrekontoret. Nettoutgifta med ordninga må fordelast ut frå ein prosentskala der folketalet i dei to kommunane vert lagt tilgrunn.
HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *