Home>Hardanger>Eidfjord kommune>Eidfjord krev eige trygdekontor
Eidfjord kommune Hardanger Ullensvang Ymse

Eidfjord krev eige trygdekontor

Eidfjord kommyunestyre vedtok på møte tysdag å senda ein uttale til Rikstrygdeverket der dei krev at det vertoppretta eige trygdekontor for Eidfjord med kontorsenter i Nedre Eidfjord. Vi tek her med uttalen:
Inntil kommunesamanslåinga pr. 1.1. 1964 hadde Eidfjord eigen trygdekasse med kontorstad i Nedre Eidfjord.
Etter samanslåinga med tid legare Kinsarvik og Ullensvang vart trygdekassen i Eidfjord lagt ned, og trygdekontoret i den nye storkommunen Ullensvang fekk kontorstad i Kinsarvik.
Ved denne ordninga fekk folket i Eidfjord auka avstanden til trygdekontoret med ca. 30 km. Dette inneber at me no må reisa frå 60 til 120 km tur-retur når me har ærend dit. Det hjelpte noko at det vart etablert ei ordning med ein kontordag i veka her i Eidfjord, men det er likevel ikkje på nokon måte tilfredsstillande, idet det stort sett berre er reint ekspedisjonsarbeid som vert utført her. Det som i skrivet frå Rikstrygdeverket er nemnt «servicemessige tilbud» har det ikkje vore noko av.
Folket i Eidfjord har difor kjent det som ein urett og eit tilbakesteg at me miste vårt eige trygdekontor. Serleg for pensjonistar — eldre og uføre — medfører dei store avstandane til hovedkontoret i Kinsarvik vanskar som i regelen gjer at den naturlege kontakten med trygdekontoret vert borte. Eidfjord kommunestyre har difor sett det som naturleg og
naudsynt at det som fylgje av Stortings-vedtaket om oppretting av Eidfjord som eiga kommunal eining at det også vert oppretta eige trygdekontor her.
Dette er det og teke omsyn til under planlegginga av kommunnehuset med di det er avsett kontorplass til trygdekontoret.
Det er også kommunestyret si meining at dei ulempeme som er påpeika i skrivet frå Rikstrygdeverket med omsyn til bemanning o.l. er små i høve til dei problem det er ved å ha trygde kontor saman med Ullensvang. I denne samanhengen vert det vist til at det er eigne trygdekontor i våre nabokommunar Granvin, Jondal og Ulvik, som samtlege er av omlag same storleik som Eidfjord, og der denne ordninga synest å verka fullt ut tilfredsstillande. Kommunestyret vil elles peika på at problema med å halda skikkeleg bemanning t.d. ved ferie- og sjukefråvære for desse lett kan løysast ved at det vert oppretta eigen stilling nettopp med tankte på dette for dei nemnde kommunane. Stillingen kunne i tilfelle få fast tilknytning til trygdekontoret i Eidfjord med plikt til å tenestegjera ogso ved trygdekontor i andre kommunar etter Rikstrygdeverket si tilvising. Eidfjord kommuen vil i sofall ta på seg å stilla naudsynt lokale til disposisjon og ogso skaffa tenlegt husvære.
Ut frå dette vil Eidfjord kommunestyre måtta krevja at det vert oppretta eige trygde kontor for Eidfjord med kontorstad i Nedre Eidfjord.
HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Review Overview

Summary

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *