Hardanger Odda Kommune Politisk

Indirekte siger til dei som streika ulovleg – Kan LO vera tent med dette?

Det er svært leitt av LO har vore med på denne avgjerda og der med opna vilkåra for at arbeidsløysetrygda, i strid med føremålet, vert nytta av krefter som vil bryta ned dei reglane, avtalane og lovene som gjeld i arbeidslivet, skriv h.r.advokar Tor Rynning Nielsen i ein kommentar i bladet "Økomonisk Rapport" til at eit fleirtal i Arbeidsdirektoratet sitt styre har gått inn for at ein skal betala arbeidsløysetrygd
Idrett Politisk Ymse

Idrettshøgskulen norsk rekord med elevar utan røyk

[caption id="attachment_429" align="alignright" width="287"] Noregs idretthøgskule logo[/caption] Studentane ved Idrettshøgskulen i Noreg har norsk rekord — som ikkje-røykjarar! I oktober no sist fanst berre 9 røykjarar mellom 138 mannlege studentar. Ferske opplysningar syner at yngre lækjarar, medisinstudentar og NTH-studentar i Trondheim, har stumpa røyken og. Ingen av dei kvinnelege medisinstudentane røykte. Kjemiingeniør Nerli Orlien fekk stipend frå Landsforeningen mot kreft. Han granska dette og meir til. Han skreiv i Tidsskrift
Hardanger Odda Kommune Politisk Ymse

Eilev Eitrheim 60 år.

Gardbrukar Eiliv Eitrheim, Odda, er fødd 22. januar 1917 og fyller såleis 60 år komande laurdag. I 250 år hadde slekta site som odelsbønder på garden, og Eiliv var fødd som odelsgut til ein av dei finaste, beste og mest veldrivne gardane i Odda herad. Det var og gardbrukar og fruktdyrkar han skulle bli. Difor gjekk han jordbruks- og hagebruksskule. Men han gjekk og både folkehøgskule og handelsskule. Han var
Hardanger Målkamp Politisk

Nynorsk-fåkunne blant universitets-tilsette, Skrift-konsulentar på tale

Dei lærde ved Universitetet i Oslo kan ikkje nynorsk. —Kunnskapen på dette området i administrasjonen og undervisninga er skrøpelege greier, seier universitetsdirektør Olav M. Trovik til Nynorsk Pressekontor. Eit utslag av denne mangelen på almenutdanning blant dei som arbeider ved ein av dei høgaste læreanstaltane i landet er m.a. at studentar ikkje får oppgåver på nynorsk til eksamen, slik dei har krav på. Seinast i vår var det ein student
Hardanger Odda Kommune Politisk Ymse

Ordet fritt: En kostbar forglemmelse

Det var i mars 1971 vi flyttet inn i leilighetene i Eidesbråtet 14. Vi fikk da forelagt oss en leiekontrakt som viste leien vi skulle betale, intet annet var nevnt. Straks før jul 1975 fikk samtlige i blokken et kravbrev pålydende kr. 240. Dette brevet hadde ingen underskrift, og at dette ikke var gjort, må oppfattes som en DISKRIMINERING. Vi var pensjonister og hadde ingen ting å si, og kunne
Fagforeiningen
Dikt Hardanger Politisk Ymse

Fagforeiningen

Den tida «Fagen» rådde her åleine og dreiv eit to-tre øres streikespel, han gjorde samfunnet so mang eibeine, og sette grenser for eit sveltihel. [caption id="attachment_408" align="alignright" width="218"] Fagforeiningen[/caption] Men no når alle har ein fag i baken, og alle krev si sosiale prakt, no herjast tida av den leie haken at alle prisar stig i same takt. Når du har streika litt for eigenbaten, og pressa gjennom dine nye
NAV Logo
Politisk Ymse

Funksjonshemma og arbeidslivet: Særleg vanskeleg i utkantstroka

—Det er spesielt dei funksjonshemma i utkantstrøk som har problem med å få arbeid, sa attføringskyndig rettsmedlem i Trygderetten, Sol Seim, på ein pressekonferanse. Ei undersøking viser at omtrent halvparten av dei som får uføretrygd heller ville arbeide dersom dette hadde vore mogleg, skriv Nynorsk Pressekontor. —Men vi veit jo at det mange stader i landet er svært vanskeleg å få arbeid, og dette gjeld ikkje berre dei funksjonshemma, sa
Hardanger Politisk Ullensvang Ymse

Venstre på frammarsj i Hordaland

Hordaland Venstrelag hadde årsmøte på Utne laurdag og sundag 15. og 16. januar 1977. Møtet var halde i Grannahuset, ein triveleg møtestad med treskurd og bilete av åndshovdingar på veggene. Det møtte kring 90 sendemenn frå dei fleste heråd i Hordaland. Fylkesleiar John Nesheim opna møtet. Formannen i Ullensvang Venstrelag, Nils Magne Aanensen, helsa velkomen til Ullensvang, og nemnde at Ullensvang Venstrelag var det eldste lokallaget i landet. [caption id="attachment_383"
Eidfjord kommune Hardanger Odda Kommune Politisk Ullensvang

Aktuelt med utviding av PPD-kontoret i Odda

PPD-kontoret er eit pedagogisk, psykologisk rådgjevingskontor for eit visst distrikt. Eit slikt kontor skal vera hjelpar og rådgjevar for born som har psykiske og fysiske vanskar både i førskulealder og i barne og ungdomsskulen fram til dei er i 19 årsalderen. Kontoret skal og gje råd og rettleiing til foreldre og lærarar om korleis dei på beste måte kan hjelpa slike born. Det er lovfesta at det skal vera slike