Hage/dyrking Hardanger Målkamp Politisk Ullensvang Ymse

Ope brev til Standariseringsforbundet fra formannen i Ullensvang hagebrukslag, Kåre Lutro

Ope brev til Standariseringsforbundet fra formannen i Ullensvang hagebrukslag Nye standardreglar for frukt, bær, grønsaker og poteter. Fruktdyrkarane i bygdene her er no vortne kjende med brevet Dykkar frå 13. des. f.å. Det går der klårt fram at De ikkje kan (vil?) etterkoma kravet vårt om at Norsk Standard for frukt i og bær 2800-2811 denne gongen skulle redigerast på nynorsk. På våre kantar av landet har me lenge no
Hardanger Politisk Ullensvang

Vidaregåande grunnkurs i Kinsarvik

Hordaland fylkesting har gjort vedtak om at det skal startast vidaregåande toårig grunnkurs i Kinsarvik frå hausten 1977. Dette kurset gjev m.a. kompetanse for opptak i gymnaset og yrkesskulen for faga handel og kontor. I seg sjølv er dette skuletilbodet eit avslutta vidaregåande undervisningstilbod som gjev grunnlag for tilsetjing direkte i yrkeslivet. Men kurset gjev og rett til opptaking i andre skular m.a. andreklassen i gymnaset. Vilkåra for at eit
Målkamp Politisk Ymse

Målgåva for 1976 slo alle rekordar.

Etter den siste finteljinga på Skrivarstova til Nynorsk Mållag ved nyttårsleitet syner det seg at målgåva har sprengt alle skjema og budsjett i året som gjekk. Styret i Noregs Mållag sette seg som mål å få inn 270 000 kroner i 1976, men skar seinare ned summen til 230 000 etter at målgåva gjekk noko tregt fyrste kvartalet. [caption id="attachment_303" align="alignright" width="300"] Noregs mållag logo[/caption] Tala for 1976 syner at
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Villeiande meiningsmålingar

Gallup-parodien skal halda fram enno ei stund. Norges Markedsdata har nemleg sett bukken til å passa havresekken, eller med andre ord, spurd partia om dei skal godkjenna DNF sitt framlegg om eit ekspertutval til å studera metodane deira, eller om dei skal halda fram som hittil i 1977. Kva motiv eller vurderingar som er grunnen til at dei fleste partia er så velnøgde med gallupen slik han er i dag,
Eidfjord kommune Hardanger Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Folketalet går ikkje nemnande ned i Odda og Ullensvang

I Ullensvang var folketalet pr. 1.1.76 5166 og 1.1.77 5158 (Eidfjord er rekna med) altså ein nedgang på 6. I dette året var 72 fødde, 231 innflytta frå andre herad i landet 50 flytta inn frå utlandet, 52 døde i dette året, 261 flytta ut til andre herad, og 46 til utlandet. I Odda var folketalet pr. l.i. 76 9446 og 1.1.77 9374, ein nedgang på 72 personar. Det var
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Folkestyre

Den engelske tenkjaren John Locke utforma i si tid læra om folkesuvereniteten som i stutte drag gjekk ut på at all makt i samfunnet måtte gå ut frå folket. Desse tankane har slege ned i folket vårt og vorte grunnfesta der. Etter siste verdskrigen er folk med dei mest ulike samfunns syn samde om å hylla det demokratiske samfunnsidealet. Når folk med heilt ulik politisk syn likevel prisar demokratiet, kjem
Hardanger Odda Kommune Politisk Ymse

Ordet fritt: Planlegging utan omtanke

Tidlegare i vinter høyrde me at Odda kommune hadde fått godkjent to forprosjekt for nye barneskular i Odda, ein på Bakke og ein på Eide. Om desse skulane nokon gong vert bygde, er etter møtet i kommunestyret den 29. des. heilt på det uvisse. Kommunestyret gjorde i dette møtet vedtak om at det er viktig å få full avklåring og prioritering av bustadområda, før ein tek stilling til bygging av
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Låneskulda i Hordaland herad: Jondølingane skuldar 55 kroner kvar, Oddingane 4 960 kroner

Kommunane i Hordaland hadde ved årsskiftet tilsaman 1230 millionar kroner i låneskuld. I medel vert det omlag 3180 kroner pr. hordalending. Mest låneskuld hadde Bergen med 737 millionar kroner. I den andre enden av lista finn vi Jondal med berre 70 000 kroner i låneskuld. Jondal er og det heradet «som har minst skuld pr. innbyggar, med 55 kroner. For fleire herad gjeld det og at det nett no skjer