Ymse

SUNDAGSTANKAR: Er Jesus med i ditt reisefylgje?

Jolebodskapen fortel om dette store at Gud har vorte menneske for å frelse oss. Gud har gjort eit avgjerande brubyggingsarbeid frå seg til oss. No er vi inne i openberringstida og desse to sidene ved Jesus, sann Gud og sant menneske møter oss i tekstane på ulik vis. Desse sidene kjem også sterkt fram i teksten for fyrstkomande sundag der vi møter Jesus i tempelet som tolvåring. Dette er einaste
Ullensvang Ymse

Grunneigar og hyttebyggar meldt til politiet – Ullensvang hardt til felts mot ulovleg hyttebygging

Ein har tidlegare rekna med at det gjekk føre seg ein del ulovleg hyttebygging og at det var ein heil del ulovlege tilbygg og installasjonar i hyttefelta i Sysendalen. Ei synfaring bygningssjefen har hatt/stadfesta dette og Ullensvang bygningsråd har no gjort vedtak om å melda fleire personar til politiet for ulovleg bygging, samstundes som ei rekkje andre hyttebyggarar i Sysendalen har fått pålegg om å fjerna ulovleg oppførte tilbygg og
Ullensvang Ymse

Korleis skal me bruka oljepengane?

Spør Gula Tidend nokre vestlendingar. Også heradsgartnar Tomas Sekse, Ullensvang er spurd. Han svarar at han vil bruka pengane til å [caption id="attachment_103" align="alignright" width="241"] Tomas Sekse, Heradsgartnar i Ullensvang Herad[/caption] gje utkantane betre samferdsle. Me har stort areal, lite folk og spreidd busetnad. Samstundes er det eit mål å halda på den spreidde busetnaden og arbeidsplassane i vanskelege geografiske strok. Men skal me nå målet, må me og vilja
Eidfjord kommune Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Skræmande auke i vald- og narkotikasaker, viser eit oversyn frå Hardanger Politikammer

Ein oversikt over arbeidsmengda til Hardanger Politikammer for 1976 syner at drukken skapsforeseelsar har minka til under det halve i høve til 1975, medan talet på narkotikasaker som er etterforska syner ein farleg auke også i Odda. Det er politi meistar Finn Steinkopf som seier dette til «Hardanger». At talet på registrerte drukkenskapssaker har minka har nok sin grunn i at vi i større grad enn tidlegare køyrer personane heim
Ymse

Eit år er gått

Du spør: Kvar vart det av det? Og kva fekk eg gjort — og levd? Mykje vart annleis enn du trudde. Det vart mange tome stunder og dagar i staden for klårleik og skapande kraft og uro som førde mot nye og rikare mål. Det var så mange som slo seg til ro med lite og inkje rundt i kring deg at du gådde mest ikkje før du sjølv hadde
Ymse

Ordet fritt Jon Bleie: Halldor Meland

Av bokelskarar møter me ofte to slag. .. 1. Den store samlaren av verdifulle bøker, kostbare verk står der til prydnad i hyller, og skåp, som ærefullt symbol på høg kultur. Bokelskar 2. er bibliotekar i dei små bygdeboksamlingar. Utlånaren i 20-30 år, og lenger, med sut og gleda trufast gjer sitt beste kveikja lesehungren mellom folk, og hjelper lånarane finna bøker dei har gleda og nytte av. Av desse
Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Heimelsbyte, HARDANGER Onsdag 5. januar 1977

Festeretten til feste nr. 1 under gr.nr. 84 br.nr. 1 i Ullensvang er transportert til Sigurd M. Sekse. Skøyte på gr.nr. 57 br.nr. 36,74, 86 og 91 i Odda frå Bo-Bygg Boligbyggelag til Odda kommune for kr. 2 674 850,-. Skøyte på gr.nr. 19 br.nr. 93 «Knatten» i Kvam frå Margunn Marie Hansen til Tore Thorstenson for kr. 108 000,-. Grunnbokheimel til gr.nr. 18 br.nr. 6, 12 og 26 i
Eidfjord kommune Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Kjell Ove Seim vann landsrenn på Korlevoll

Andre joledag arrangerte IL Korlevoll landsrenn i langrenn på Korlevoll. Heile 124 løparar [caption id="attachment_85" align="alignright" width="185"] Kjell Ove Seim som stiller i senior klasse B fekk best tid av alle seniorløparane.[/caption] stillte til start i det fine veret. Det kunne vore ynskjeleg med noko meir snø og det seier seg sjølv at med berre 25 cm snø vart løypa oppgått etterkvart. Av dei enkelte resultata kan vi nemna at
Eidfjord kommune Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Frå dag til dag, HARDANGER Onsdag den 5. januar 1977

HORDALAND FYLKESUTVAL har valt desse til arbeids- og til taksnemnd for Hordaland: [caption id="attachment_37" align="alignright" width="263"] Små offentlege notisar[/caption] Fylkesmann Lars Leiro, fylkesordførar Ole Dramdal, Chr. JT. Vestrheim, Bergen, Arthur Rydland, Tertnes, Tomas Sekse, Kinsarvik, Odd Gullaksen, Fonnes Finn Lien, Bergen. BYGNINGSRÅDET imøtekom ikkje ein søknad frå Kjell Auto-Service om bygging av garasje ved Shell-stasjonen på Ragde PER YSTANES fekk byggeløyve for bustadhus i Bekkjadalen. HÅKON KVAMMEN, EIDFJORD er mellom