Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Målkamp Odda Kommune Ullensvang Ymse

15 nye lag i Noregs Mållag — Dialektarbeidet styrkjer målrørsla

Målrørsla seglar i medvind ser det ut for. Skrivaren i Noregs Mållag, Olaf Almenningen, kan fortelja til Nynorsk Pressekontor at det ved årsskiftet var 264 mållag med til saman 16 800 medlemer. Av desse laga er det 15 nye, fordelt over heile landet, frå Finnmark til Telemark. Økonomien ser og ut til å vera betre enn før, sjølv om samskipnaden ikkje toppar likningsboka. Berre på ein og ein halv haustmånad
Hardanger Målkamp Politisk

Nynorsk-fåkunne blant universitets-tilsette, Skrift-konsulentar på tale

Dei lærde ved Universitetet i Oslo kan ikkje nynorsk. —Kunnskapen på dette området i administrasjonen og undervisninga er skrøpelege greier, seier universitetsdirektør Olav M. Trovik til Nynorsk Pressekontor. Eit utslag av denne mangelen på almenutdanning blant dei som arbeider ved ein av dei høgaste læreanstaltane i landet er m.a. at studentar ikkje får oppgåver på nynorsk til eksamen, slik dei har krav på. Seinast i vår var det ein student
Målkamp Ullensvang Ymse

MEIR NYNORSK I BOKKLUBBEN: Skort på nynorskbøker eit pedagogisk brotsverk

Blir det meir nynorsk i Den Norske Bokklubben? Etter det Nynorsk Pressekontor veit skal det no vera drøftingar mellom Bokklubben og [caption id="attachment_255" align="alignright" width="233"] Storsal av Jon Bleie sine bøker i Sørfjorden[/caption] målorganisasjonane om kva som kan gjerast for å spreie meir nynorsk-lesnad gjennom den største bokklubben i landet. Grunnen til dette er den kritikken som har kome frå mange målfolk mot utgjevingspolitikken til Den Norske Bokklubben. Som kjent
Målkamp

Barne -og Ungdomsavdelinga i NRK: Meir geografisk og språkleg jamstelling

Reisebudsjettet til Barne- og Ungdomsavdelinga i radio har auka kraftig dei siste åra. Dette gjer at programmedarbeidarane kan dekkje meir av det som skjer utanom Oslo enn før, og programma blir av den grunn sterkare farga både av geografisk og språkleg jamstelling, skriv Nynorsk Pressekontor. —Auken i reisebudsjettet heng saman med at vi strevar med å desentralisere sendingane våre, seier den konstituerte program redaktøren i Barne- og Ungdomsavdelinga, Paul Skoe.
Målkamp Ymse

Bokklubben lovar endringar: Nynorsken ofra liten omtanke

-Bokklubben lovar endring: Nynorsken ofra liten omtanke, seier direktør Giæver til bladet «Dagen». Me har gjeve ut for lite bøker både på nynorsk og samisk, seier direktør Gjæver i Den norske Bokklubben, då bladet Dagen tok opp klagemålet som formannen i Noregs Lærarmållag, Arne Skjerven, hadde sett fram om at boka til Ingebrigt Davik er omsett til bokmål, og dei borna som vil ha nynorskutgåva må kryssa av om dette.