Hardanger Politisk Ullensvang

Vidaregåande grunnkurs i Kinsarvik

Hordaland fylkesting har gjort vedtak om at det skal startast vidaregåande toårig grunnkurs i Kinsarvik frå hausten 1977. Dette kurset gjev m.a. kompetanse for opptak i gymnaset og yrkesskulen for faga handel og kontor. I seg sjølv er dette skuletilbodet eit avslutta vidaregåande undervisningstilbod som gjev grunnlag for tilsetjing direkte i yrkeslivet. Men kurset gjev og rett til opptaking i andre skular m.a. andreklassen i gymnaset. Vilkåra for at eit
Hardanger Ullensvang Ymse

Hovland Ullvarefabrikk godt nøgd med drifta i 1976

[caption id="attachment_296" align="alignright" width="300"] Bilete av Ullvarefabrikken på Hovland. Januar 1977[/caption] Me er stort sett godt nøgde med resultatet av drifta i 1976, seier direktør Kristian Hygen til «Hardanger». Me har hatt full drift og bra omsetnad. Men me er noko ottefulle for dei høge løns- og kostnadsutgifene som berre ser ut til å auka meir og meir. Me ville helst produsera for den norske marknaden. Men den er diverre
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Villeiande meiningsmålingar

Gallup-parodien skal halda fram enno ei stund. Norges Markedsdata har nemleg sett bukken til å passa havresekken, eller med andre ord, spurd partia om dei skal godkjenna DNF sitt framlegg om eit ekspertutval til å studera metodane deira, eller om dei skal halda fram som hittil i 1977. Kva motiv eller vurderingar som er grunnen til at dei fleste partia er så velnøgde med gallupen slik han er i dag,
Eidfjord kommune Hardanger Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Folketalet går ikkje nemnande ned i Odda og Ullensvang

I Ullensvang var folketalet pr. 1.1.76 5166 og 1.1.77 5158 (Eidfjord er rekna med) altså ein nedgang på 6. I dette året var 72 fødde, 231 innflytta frå andre herad i landet 50 flytta inn frå utlandet, 52 døde i dette året, 261 flytta ut til andre herad, og 46 til utlandet. I Odda var folketalet pr. l.i. 76 9446 og 1.1.77 9374, ein nedgang på 72 personar. Det var
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Folkestyre

Den engelske tenkjaren John Locke utforma i si tid læra om folkesuvereniteten som i stutte drag gjekk ut på at all makt i samfunnet måtte gå ut frå folket. Desse tankane har slege ned i folket vårt og vorte grunnfesta der. Etter siste verdskrigen er folk med dei mest ulike samfunns syn samde om å hylla det demokratiske samfunnsidealet. Når folk med heilt ulik politisk syn likevel prisar demokratiet, kjem
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Nytt stoff og nytt syn i nytt historieverk

«Historien må stadig skrives på nytt», skreiv den kjente historiekaren Ernst Sars for eit hundreår sida. «Den fremmadskridende udvikling giver bestandig nye synspunkter å se den fra». Dette er nok ein av grunnane til at Cappelens forlag no gjev ut Norges historie — i heile 15 band — berre vel eit ti år etter at Aschehoug gav ut eit liknande verk. Vel så viktig er det kanskje at historiegranskinga stadig
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Låneskulda i Hordaland herad: Jondølingane skuldar 55 kroner kvar, Oddingane 4 960 kroner

Kommunane i Hordaland hadde ved årsskiftet tilsaman 1230 millionar kroner i låneskuld. I medel vert det omlag 3180 kroner pr. hordalending. Mest låneskuld hadde Bergen med 737 millionar kroner. I den andre enden av lista finn vi Jondal med berre 70 000 kroner i låneskuld. Jondal er og det heradet «som har minst skuld pr. innbyggar, med 55 kroner. For fleire herad gjeld det og at det nett no skjer
Hage/dyrking Jondal Kvam herad Politisk Ullensvang Ymse

Regional differensiering av dyrkingstilskot

Regjeringa vil endre reglane for tilskot til nydyrking. Dei nye reglane vil vere klare dette året, dersom Stortinget handsamar St.m. 14 om Landbrukspolitikken i vårsesjoen, får Nynorsk Pressekontor vite i Landbruks departementet. Dersom regjeringa får stønad frå fleirtalet i Stortinget, vil tilskotet ikkje berre bli avhengig av kor stort bruket er, men også av om bruket ligg i eit område der landbrukspolitikarane ønskjer å stimulere til nydyrking. Det er ingen