Hardanger Politisk Ullensvang Ymse

Espelid og valkampen i fokus under årsmøtet til Hordaland Venstre på Utne til helga

Det vert naturleg nok valkampen og Venstres fyrstekandidat, ordførar Mons Espelid frå Askøy, [caption id="attachment_327" align="alignright" width="224"] Mons Espelid Frå Askøy[/caption] som vil stå i fokus under årsmøtet i Hordaland Venstrelag på Utne Hotel laurdag og sundag. Mons Espelid er eit heller nytt namn i politiske krinsar i Hordaland, sjølv om han no sit i ordførarstolen for Venstre i den folkerikaste landkommunen i fylket. Det knyter seg difor stor spaning
Hardanger Ullensvang Ymse

Eit attendeblikk ved årsskiftet 1976-77, Fjordgubbe

Det året som gjekk var eit merkeår for folket i Ullensvang. Ein kan nemna fleire ting, men fyrst og fremst, at kommunen vart delt i to. Det er mange meiningar om dette var rett, men dei som gjekk inn for det på heradstyremøtet, dei vart no bedne inn som æresgjestar på fråskiljingsfesti. På festi gjekk det visst fint og sømeleg for seg, som han sa den guten som skulle fortelja
Politisk Ullensvang Ymse

Takst på Hauso skule

Fylkestinget vedtok 14. desember at ordninga med fylkestllskot til skulebygg skal falla bort frå 1/1-77. For bygg som er under arbeid ved årsskiftet, skal det betalast ut fylkestilskot etter kor stor del av bygget som er ferdig. Ei takstnemd der formannen i skulestyret er med, saman med ein representant frå kommunen der bygget ligg, skal avgjera kor stor del av bygget som er ferdig. Ullensvangherad har valt ordførar Torolv Hesthamar
Hage/dyrking Hardanger Målkamp Politisk Ullensvang Ymse

Ope brev til Standariseringsforbundet fra formannen i Ullensvang hagebrukslag, Kåre Lutro

Ope brev til Standariseringsforbundet fra formannen i Ullensvang hagebrukslag Nye standardreglar for frukt, bær, grønsaker og poteter. Fruktdyrkarane i bygdene her er no vortne kjende med brevet Dykkar frå 13. des. f.å. Det går der klårt fram at De ikkje kan (vil?) etterkoma kravet vårt om at Norsk Standard for frukt i og bær 2800-2811 denne gongen skulle redigerast på nynorsk. På våre kantar av landet har me lenge no
Odda Kommune Ullensvang Ymse

25- og 30 årsjubilantar ved DNN 1977

[caption id="attachment_335" align="alignright" width="541"] 25- og 30 årsjubilantar ved DNN 1977[/caption] På ei tilstelling på Tyssedal Hotel sist laurdag fekk 13 arbeidarar som har arbeid ved DNN overrekt eit gullur for trufast arbeid. 16 arbeidarar fekk tildelt «Selskapet for Norges vel si fortenestemedalje for 30 års arbeid. 1 av 25-årsjubilantane og 9 av 30-årsjubilantane var ikkje tilstades då biletet vart teke. På bildet ser vi foran fra venstre: Å. Alterskjær,
Hardanger Politisk Ullensvang

Vidaregåande grunnkurs i Kinsarvik

Hordaland fylkesting har gjort vedtak om at det skal startast vidaregåande toårig grunnkurs i Kinsarvik frå hausten 1977. Dette kurset gjev m.a. kompetanse for opptak i gymnaset og yrkesskulen for faga handel og kontor. I seg sjølv er dette skuletilbodet eit avslutta vidaregåande undervisningstilbod som gjev grunnlag for tilsetjing direkte i yrkeslivet. Men kurset gjev og rett til opptaking i andre skular m.a. andreklassen i gymnaset. Vilkåra for at eit
Hardanger Ullensvang Ymse

Hovland Ullvarefabrikk godt nøgd med drifta i 1976

[caption id="attachment_296" align="alignright" width="300"] Bilete av Ullvarefabrikken på Hovland. Januar 1977[/caption] Me er stort sett godt nøgde med resultatet av drifta i 1976, seier direktør Kristian Hygen til «Hardanger». Me har hatt full drift og bra omsetnad. Men me er noko ottefulle for dei høge løns- og kostnadsutgifene som berre ser ut til å auka meir og meir. Me ville helst produsera for den norske marknaden. Men den er diverre
Ullensvang Ymse

6 stillingar vert inndregne: Mannskapsplan for kommunale etatar i «rest»-Ullensvang

På møtet 20. januar skal Ullensvang heradsstyre, handsama framlegget, til mannskaps planen for dei kommunale etatane. [caption id="attachment_300" align="alignright" width="234"] Logoen til Ullensvang herad[/caption] Mannskapsplanane inneber inndraging av i alt 6 stillingar. Desse stillingane er husmorvikarstilling og oppsynsmann-stilling ved teknisk etat. Båe desse stillingane vert overført til Eidfjord. Vidare tek 4 stillingar der det for tida ikkje er tilsett folk: 2 utearbeidarstillingar ved teknisk etat/skogreisinga, stilling som trekkontrollør ved heradskassen og
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Villeiande meiningsmålingar

Gallup-parodien skal halda fram enno ei stund. Norges Markedsdata har nemleg sett bukken til å passa havresekken, eller med andre ord, spurd partia om dei skal godkjenna DNF sitt framlegg om eit ekspertutval til å studera metodane deira, eller om dei skal halda fram som hittil i 1977. Kva motiv eller vurderingar som er grunnen til at dei fleste partia er så velnøgde med gallupen slik han er i dag,