Eidfjord kommune Hardanger Politisk Ymse

Nytt skulestyre i Eidfjord

Førskuletiltak i Eidfjord — [caption id="attachment_377" align="alignright" width="300"] Det nye Eidfjord skulestyre: Fra venstre: Johanna Fjetland, Åse Steiro, Marit Herland, Oddrun Sæbø, Ragnhild Herstad, Arnhild Næsheim og Gunvald Bu. (Ola M. Tveit og Astrid Garen var ikkje tilstade).[/caption] Frå foreldrelaget ved Lægreid og Sæbø skular er det kome ynskje om at det vert starta førskuletiltak ved desse skulane. Det er og eit ynskje at dette vert sett i gang så
Hardanger Kjøtproduksjon

Ikkje lett for skogbruket i 1976 – betre for jordbruket

SKOGBRUKET I 1976 Marknadsføringa gjekk ikkje lett for skogbruket. Direktør Ivar Aavatsmark seier dette til Landbrukets Sentralforbund. Det var venta konjunkturoppgang, i andre halvåret serleg. Alle rekna med og spådde dette. Men året vart heller mellom dei tyngste av alle etter krigen — serleg for treforedlingsindustrien. Sagbruka fekk det lettare. Heimemarknaden hadde bruk for last og var sers betalingsfør. Vi fører lite trelast ut or landet, og marknaden for trelast
Odda Kommune Ymse

Oddingar til Kongsberg

Fleire ungdomar frå Odda tok til å arbeida i Våpenfabrikken på Kongsberg siste året. Dei fekk opplæring i Yrkesskule her føreåt. Somme hadde noko [caption id="attachment_354" align="alignright" width="300"] Kongsberg våpenfabrikk[/caption] praksis i arbeid på verkstad attåt. Arbeidskontoret i Odda let oss få vita at dette er ein lekk i arbeidet med det nye industritiltaket på Eitrheimsneset. Kongsberg Våpenfabrikk legg grunnen til mekanisk industri med 100 arbeidsplassar der. Då kan 15-20
Hage/dyrking Hardanger Ymse

LOT-småskrift om jordlopper

Moderne rotvekstdyrking med serleg tunnsåing gjer dei spirande plantane svert sårnæm (or åtak av jordlopper, heiter det småskriftet «Jordlopper på Kål og rotvekster», som nyleg er ut gjeve av Landbruksdepartementet si opplysningsteneste. [caption id="attachment_341" align="alignright" width="300"] Phyllotreta nemorum, ei jordloppe.Bilete frå Wikipedia.[/caption] I småskriftet vert det gjort utførleg greie for dei ulike artane av jordlopper som tek på krossblomstra plantar. Me får m.a. veta at jordloppene overvintrar under visne planterestar,
Hardanger Politisk Ullensvang Ymse

Espelid og valkampen i fokus under årsmøtet til Hordaland Venstre på Utne til helga

Det vert naturleg nok valkampen og Venstres fyrstekandidat, ordførar Mons Espelid frå Askøy, [caption id="attachment_327" align="alignright" width="224"] Mons Espelid Frå Askøy[/caption] som vil stå i fokus under årsmøtet i Hordaland Venstrelag på Utne Hotel laurdag og sundag. Mons Espelid er eit heller nytt namn i politiske krinsar i Hordaland, sjølv om han no sit i ordførarstolen for Venstre i den folkerikaste landkommunen i fylket. Det knyter seg difor stor spaning
Hardanger Ullensvang Ymse

Eit attendeblikk ved årsskiftet 1976-77, Fjordgubbe

Det året som gjekk var eit merkeår for folket i Ullensvang. Ein kan nemna fleire ting, men fyrst og fremst, at kommunen vart delt i to. Det er mange meiningar om dette var rett, men dei som gjekk inn for det på heradstyremøtet, dei vart no bedne inn som æresgjestar på fråskiljingsfesti. På festi gjekk det visst fint og sømeleg for seg, som han sa den guten som skulle fortelja
Ymse

ULLENSVANG: 40 000 kr. til musikkopplæring

Formannskapet i Ullensvang rår til at stillinga som organist/musikkleiar vert delt frå årsskiftet og at det vert oppretta ei rein organiststilling. Samstundes vert det rådd til å løyva 40.000 kroner til musikkopplæring i 1977. Ordninga med musikkopplæring skal administrerast av skulekontoret med fagleg hjelp av musikkrettleiaren. Vidare skal skulestyret velja ei nemnd som er ansvarleg for musikkopplæringa. Tiltaka ein vil prioritera er: notekurs og aspirantopplæring i Ullensvang Musikklag og Nå
Politisk Ullensvang Ymse

Takst på Hauso skule

Fylkestinget vedtok 14. desember at ordninga med fylkestllskot til skulebygg skal falla bort frå 1/1-77. For bygg som er under arbeid ved årsskiftet, skal det betalast ut fylkestilskot etter kor stor del av bygget som er ferdig. Ei takstnemd der formannen i skulestyret er med, saman med ein representant frå kommunen der bygget ligg, skal avgjera kor stor del av bygget som er ferdig. Ullensvangherad har valt ordførar Torolv Hesthamar
Hage/dyrking Hardanger Målkamp Politisk Ullensvang Ymse

Ope brev til Standariseringsforbundet fra formannen i Ullensvang hagebrukslag, Kåre Lutro

Ope brev til Standariseringsforbundet fra formannen i Ullensvang hagebrukslag Nye standardreglar for frukt, bær, grønsaker og poteter. Fruktdyrkarane i bygdene her er no vortne kjende med brevet Dykkar frå 13. des. f.å. Det går der klårt fram at De ikkje kan (vil?) etterkoma kravet vårt om at Norsk Standard for frukt i og bær 2800-2811 denne gongen skulle redigerast på nynorsk. På våre kantar av landet har me lenge no