Eidfjord kommune Hardanger Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Folketalet går ikkje nemnande ned i Odda og Ullensvang

I Ullensvang var folketalet pr. 1.1.76 5166 og 1.1.77 5158 (Eidfjord er rekna med) altså ein nedgang på 6. I dette året var 72 fødde, 231 innflytta frå andre herad i landet 50 flytta inn frå utlandet, 52 døde i dette året, 261 flytta ut til andre herad, og 46 til utlandet. I Odda var folketalet pr. l.i. 76 9446 og 1.1.77 9374, ein nedgang på 72 personar. Det var
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Folkestyre

Den engelske tenkjaren John Locke utforma i si tid læra om folkesuvereniteten som i stutte drag gjekk ut på at all makt i samfunnet måtte gå ut frå folket. Desse tankane har slege ned i folket vårt og vorte grunnfesta der. Etter siste verdskrigen er folk med dei mest ulike samfunns syn samde om å hylla det demokratiske samfunnsidealet. Når folk med heilt ulik politisk syn likevel prisar demokratiet, kjem
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Nytt stoff og nytt syn i nytt historieverk

«Historien må stadig skrives på nytt», skreiv den kjente historiekaren Ernst Sars for eit hundreår sida. «Den fremmadskridende udvikling giver bestandig nye synspunkter å se den fra». Dette er nok ein av grunnane til at Cappelens forlag no gjev ut Norges historie — i heile 15 band — berre vel eit ti år etter at Aschehoug gav ut eit liknande verk. Vel så viktig er det kanskje at historiegranskinga stadig
Hardanger Odda Kommune Politisk Ymse

Ordet fritt: Planlegging utan omtanke

Tidlegare i vinter høyrde me at Odda kommune hadde fått godkjent to forprosjekt for nye barneskular i Odda, ein på Bakke og ein på Eide. Om desse skulane nokon gong vert bygde, er etter møtet i kommunestyret den 29. des. heilt på det uvisse. Kommunestyret gjorde i dette møtet vedtak om at det er viktig å få full avklåring og prioritering av bustadområda, før ein tek stilling til bygging av
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Låneskulda i Hordaland herad: Jondølingane skuldar 55 kroner kvar, Oddingane 4 960 kroner

Kommunane i Hordaland hadde ved årsskiftet tilsaman 1230 millionar kroner i låneskuld. I medel vert det omlag 3180 kroner pr. hordalending. Mest låneskuld hadde Bergen med 737 millionar kroner. I den andre enden av lista finn vi Jondal med berre 70 000 kroner i låneskuld. Jondal er og det heradet «som har minst skuld pr. innbyggar, med 55 kroner. For fleire herad gjeld det og at det nett no skjer
Hardanger Odda Kommune Politisk Ymse

Formannskapet i dag: Fritaking av kommunal renovasjon

Skal ein ikkje ha lov til å sleppa den kommunale renovasjonsavgifta når ein meiner at ein kan nytta alt hushaldsavfallet til dyrefor og til [caption id="attachment_182" align="alignright" width="246"] Torkjell L. Stana Prøver verta kvitt renovasjonsavgifta[/caption] kompostjord, og då ikkje har av fall å levera til det kommunale bossbrenningsanlegget? Ja, det skal for mannskapet i Odda ta standpunkt til i kveld: Saka gjeld Torkel L. Stana som heilt sidan det vart
Odda Kommune Ullensvang Ymse

Frå dag til dag, HARDANGER Laurdag 8. januar 1977

Fødde [caption id="attachment_37" align="alignright" width="263"] Små offentlege notisar[/caption] 19/12 1976: Britt og Svein Gunnar Sevdal, ein gut. 20/12 Synnøve og Arvid Hamre, ein gut. 20/12 Sigrid og Lars Solvi, ei jente. 25/12 Inger og Ingvald Haara, ein gut. 25/12 Sylvi og Olav Bjørke, jente og gut. 28/12 Ann-Wenche og Inge Mannsåker, ein gut.  28/12 Grete og Erling Årekol, ein gut.  30/12 Åse og Egil Lutro, ei jente. 3/1 1977: Magnhild
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Målkamp Odda Kommune Ullensvang Ymse

15 nye lag i Noregs Mållag — Dialektarbeidet styrkjer målrørsla

Målrørsla seglar i medvind ser det ut for. Skrivaren i Noregs Mållag, Olaf Almenningen, kan fortelja til Nynorsk Pressekontor at det ved årsskiftet var 264 mållag med til saman 16 800 medlemer. Av desse laga er det 15 nye, fordelt over heile landet, frå Finnmark til Telemark. Økonomien ser og ut til å vera betre enn før, sjølv om samskipnaden ikkje toppar likningsboka. Berre på ein og ein halv haustmånad
Hardanger Odda Kommune

Kammermusikk med Rikskonsertane

Tre dugande musikarar slo seg saman for nokre år sidan og skipa Oslo Trio. Fiolinisten Stig Nilsson, cellisten Aage Kvalbein og pianisten [caption id="attachment_154" align="alignright" width="212"] Fiolinisten Stig Nilsson, cellisten Aage Kvalbein og pianisten Jens Harald Bratlie[/caption] Jens Harald Bratlie har andre oppgåver som tek det meste av tida deira — solistoppgåver, orkesterarbeid og pedagogisk verksemd. Men den store interesse dei har for kammermusikk har ført trioen fram i fremste
Hardanger Odda Kommune Ymse

1976 – vanskeleg år for Oddaverksemdene

Etter det Bergens Tidende kan fortelje har 1976 vore eit heller vanskeleg år for verksemdene i Odda. Norzink reknar med underskot for 1976, om ikkje så stort som året før. Dei ventar oppgang i slutten av 1977. Situasjonen på zinkmarknaden er framleis dårleg, og det kan verta spørsmål om ein kortare arbeidsstans utpå våren. Nyinvesteringar må ein venta med. Kravet om betre miljøvern fører til store utgifter, serleg å verta