Eidfjord kommune Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Skræmande auke i vald- og narkotikasaker, viser eit oversyn frå Hardanger Politikammer

Ein oversikt over arbeidsmengda til Hardanger Politikammer for 1976 syner at drukken skapsforeseelsar har minka til under det halve i høve til 1975, medan talet på narkotikasaker som er etterforska syner ein farleg auke også i Odda. Det er politi meistar Finn Steinkopf som seier dette til «Hardanger». At talet på registrerte drukkenskapssaker har minka har nok sin grunn i at vi i større grad enn tidlegare køyrer personane heim
Jondal

Ordet fritt: Industri i Jondal

Ja, såleis lydde overskrifta i bladet og det var sers hugnad samt å sjå. Og Jondal nye vyrde heradstyre vil at det skal reisast industribygg til ein kostnadssum av 3.3 millionar kroner. Og når ein kjem i hug at det i si tid, spurdest i bladet når Jondal nye vyrde heradstyre auka ordførar lena med 100 prosent og samstundes bruka denne lønsaukensom prov på at kommunen måtte vore godt styrt. Ja
Jondal Kvam herad

Jondal vann pokalskyting

Jondal tok det andre nappet sitt i den oppsette pokalkampen i miniatyrskyting mot skyttarlaga i Norheimsund og Ålvik. 8 mann frå kvart lag tel i denne kampen. Ein skyt 30 skot ståande i ein avstand på 35 meter. 33 menn møtte opp i Jondal. Individuelt vann Johan Linga, Ålvik med 277 poeng. Dei beste vart: kl. 4  Johan Linga, Ålvik 277 p Per Kvile, Jondal 274 p. Eilev Åsen, Jondal
Jondal

Jondal hagelag – Blomstrande ungplante i full vokster

At Jondal hagelag er ein ungplante i full vokster, kunne ein trygt slå fast då hagelaget nyleg skipa til sitt andre årsmøte sidan starten for to år sidan. 33 hageinteresserte jondølingar er no med i laget, og på eit par unnatak nær hadde dei møtt fram på årsmøtet. Styret i det siste året har vore Margit Eide, Johannes Selsvik, Bjørg Skurtveit, Erling Espedal og Magne Sollesnes, og etter årsmeldinga å
Jondal

Frå Folgefonn til Kilimanjaro med Jondal hagelag

Turen opp til det høgaste fjellet i Afrika kosta ikkje stort korkje av sveitte eller pengar for medlemene i Jondal hagelag. Og den fem dagar lange turen opp til den 6000 meter høge, snødekte toppen, gjorde dei gode jondølingane unna på snaue to timar. Det var Brynjulf Skurtveit, nett heimkomen frå Afrika-tur, som tok hagelagsfolka med på denne fantastiske fjellturen. Ikkje berre den levande måten han fortalde på, men og
Eidfjord kommune Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Kjell Ove Seim vann landsrenn på Korlevoll

Andre joledag arrangerte IL Korlevoll landsrenn i langrenn på Korlevoll. Heile 124 løparar [caption id="attachment_85" align="alignright" width="185"] Kjell Ove Seim som stiller i senior klasse B fekk best tid av alle seniorløparane.[/caption] stillte til start i det fine veret. Det kunne vore ynskjeleg med noko meir snø og det seier seg sjølv at med berre 25 cm snø vart løypa oppgått etterkvart. Av dei enkelte resultata kan vi nemna at
Eidfjord kommune Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Frå dag til dag, HARDANGER Onsdag den 5. januar 1977

HORDALAND FYLKESUTVAL har valt desse til arbeids- og til taksnemnd for Hordaland: [caption id="attachment_37" align="alignright" width="263"] Små offentlege notisar[/caption] Fylkesmann Lars Leiro, fylkesordførar Ole Dramdal, Chr. JT. Vestrheim, Bergen, Arthur Rydland, Tertnes, Tomas Sekse, Kinsarvik, Odd Gullaksen, Fonnes Finn Lien, Bergen. BYGNINGSRÅDET imøtekom ikkje ein søknad frå Kjell Auto-Service om bygging av garasje ved Shell-stasjonen på Ragde PER YSTANES fekk byggeløyve for bustadhus i Bekkjadalen. HÅKON KVAMMEN, EIDFJORD er mellom