Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Villeiande meiningsmålingar

Gallup-parodien skal halda fram enno ei stund. Norges Markedsdata har nemleg sett bukken til å passa havresekken, eller med andre ord, spurd partia om dei skal godkjenna DNF sitt framlegg om eit ekspertutval til å studera metodane deira, eller om dei skal halda fram som hittil i 1977. Kva motiv eller vurderingar som er grunnen til at dei fleste partia er så velnøgde med gallupen slik han er i dag,
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Folkestyre

Den engelske tenkjaren John Locke utforma i si tid læra om folkesuvereniteten som i stutte drag gjekk ut på at all makt i samfunnet måtte gå ut frå folket. Desse tankane har slege ned i folket vårt og vorte grunnfesta der. Etter siste verdskrigen er folk med dei mest ulike samfunns syn samde om å hylla det demokratiske samfunnsidealet. Når folk med heilt ulik politisk syn likevel prisar demokratiet, kjem
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Nytt stoff og nytt syn i nytt historieverk

«Historien må stadig skrives på nytt», skreiv den kjente historiekaren Ernst Sars for eit hundreår sida. «Den fremmadskridende udvikling giver bestandig nye synspunkter å se den fra». Dette er nok ein av grunnane til at Cappelens forlag no gjev ut Norges historie — i heile 15 band — berre vel eit ti år etter at Aschehoug gav ut eit liknande verk. Vel så viktig er det kanskje at historiegranskinga stadig
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Politisk Ullensvang Ymse

Låneskulda i Hordaland herad: Jondølingane skuldar 55 kroner kvar, Oddingane 4 960 kroner

Kommunane i Hordaland hadde ved årsskiftet tilsaman 1230 millionar kroner i låneskuld. I medel vert det omlag 3180 kroner pr. hordalending. Mest låneskuld hadde Bergen med 737 millionar kroner. I den andre enden av lista finn vi Jondal med berre 70 000 kroner i låneskuld. Jondal er og det heradet «som har minst skuld pr. innbyggar, med 55 kroner. For fleire herad gjeld det og at det nett no skjer
Hage/dyrking Jondal Kvam herad Politisk Ullensvang Ymse

Regional differensiering av dyrkingstilskot

Regjeringa vil endre reglane for tilskot til nydyrking. Dei nye reglane vil vere klare dette året, dersom Stortinget handsamar St.m. 14 om Landbrukspolitikken i vårsesjoen, får Nynorsk Pressekontor vite i Landbruks departementet. Dersom regjeringa får stønad frå fleirtalet i Stortinget, vil tilskotet ikkje berre bli avhengig av kor stort bruket er, men også av om bruket ligg i eit område der landbrukspolitikarane ønskjer å stimulere til nydyrking. Det er ingen
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Målkamp Odda Kommune Ullensvang Ymse

15 nye lag i Noregs Mållag — Dialektarbeidet styrkjer målrørsla

Målrørsla seglar i medvind ser det ut for. Skrivaren i Noregs Mållag, Olaf Almenningen, kan fortelja til Nynorsk Pressekontor at det ved årsskiftet var 264 mållag med til saman 16 800 medlemer. Av desse laga er det 15 nye, fordelt over heile landet, frå Finnmark til Telemark. Økonomien ser og ut til å vera betre enn før, sjølv om samskipnaden ikkje toppar likningsboka. Berre på ein og ein halv haustmånad
Eidfjord kommune Hardanger Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Statsstønad verkar mot sentralisering og usunn konkurranse

— Det kan godt tenkjast at butikkar som elles ville bli lagt ned, no blir haldne opne på grunn av den positive haldninga hos styresmaktene, og vi er svært godt nøgde med stønads ordningane til daglegvarehan delen i utkantområda, seier den assisterande direktøren i Nor ges Kolonial og Landhandlarfor bund, Agnar Øvrebø, til Nynorsk Pressekontor. Det er no eitt år sidan styres maktene sette i verk ei økonomisk stønadsordning med
Eidfjord kommune Jondal Kvam herad Odda Kommune Ullensvang Ymse

Det finst framleis mellom 5 og 10 millionar stadnamn i heile landet

Det finst framleis mellom 5 og 10 millionar stadnamn i heile landet — No trengst det ein landsomfattande aksjon for å ta vare på dei stadnamna som enno ikkje er samla inn, seierer arkivar Botolv Helleland ved Norsk Stadnamnarkiv i Oslo til Nynorsk Pressekontor. Med litt rettleiing vil alle som er interesserte i tradisjonsinnsamling kunne vera med. Botolv Helleland fortel at det enno [caption id="attachment_133" align="alignright" width="132"] Botolv Helleland med
Kjell Ove Seim
Idrett Jondal Odda Kommune Ullensvang Ymse

KM i langrenn: Dobbeltsiger til Kjell Ove Seim

[caption id="attachment_85" align="alignright" width="185"] Kjell Ove Seim[/caption] Brørne Kjell Ove og Lars Seim frå Røldal synte at dei er mellom dei fremste skiløparane i Hordaland då idrettslaget Eldar skipa til KM i Hordaland på Vossestrand i helga. Det var i fyrste rekkje kampen mellom Odd Bakketun og Kjell Ove Seim som var av størst interesse og denne gongen var det Røldals løparen som trekte det lengste strået og han sikra
Hardanger Jondal Odda Kommune Ullensvang Ymse

Bjørn på Folgefonn-halvøya

Det har no frametter vore skrive so mykje om bjørn på Folgefonnhalvøya at det kan vera av interessa å sjå korleis det kunne vera i gamal tid. Eg slår opp i boka «Kvinnherads slekter» av Peder Furuberg, og les om bjørneskyttarar på garden Gjerde i Mauranger for omlag 250 år sidan. Her står: [caption id="attachment_368" align="alignright" width="300"] Folgefonnbjørnen?I midten av syttitalet var det mange rapportar om bjørn på folgefonnhalvøya[/caption] Peder